lørdag, juni 23, 2007

Sjå og høyr..

Eg har ein del ting som verkeleg irriterar meg. Speleautomatar til dømes. Bladet "Se og Hør" er ein anna ting.
Lat meg kaste ut ein brannfakkel: Ressurssterke folk med sunne interessar les ikkje slikt. Dette er hensynslaust tjuveri av fritida til uføre, pensjonistar og andre svake grupper, ein utspekulert massesuggesjon for å lura dei til å tru at bladet er sjølve livet deira. "Ukas Høydepunkt" står det på framsida. Og den glorete sølpa ligg alltid framme på disken, den plassen har dei kjøpt fortell sjefen på Narvesen her i Kvænchester.
Kva i heitaste er det for høgdepunkt å lese om dei siste nevrosane til Mette-Marit og sjå telelinsefoto av kjendisane sitt privatliv? Rulling rundt i andres skit, samstundes som ein slepp å ta tak i sin eigen tilværsle, eg kallar det trøsteslaust. Tenk å finne så lite i sitt eige liv at det å lese spekulativ skit om kva andre gjer gjev livet meining.

Eg så ein sak med Odd J. Nelvik, redaktøren i bladet. Han var misfornøgd med at hans opplagstall vart samanlikna med bladet "Her og Nå" , og uttalde at "Å sammenligne Se og Hør med Her og Nå, blir som å sammenligne fransk champagne med billig bulgarsk hvitvin"

For noko tullprat. Men lesarane let seg vel påverke. De trur dei deltek i noko fint og viktig ved å kjøpe bladet. Og har de pengar til overs kjøper dei vel serviset hans Ari Behn hos "Til Bords", hjelpe meg, intetanande kasta eg blikket inn gjennom glaset i butikken hennes Torill, og der stod det og skreik mot meg.

Hadde eg fått bestemme kunne serviset berre syanst frem bak eit avlukke, slik at ein ikkje kunne utsettast for det utan samtykkje. Ein slags sladd...

4 kommentarer:

Doriz Jeltzin sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Lydonen sa...

For noko visvas! Sjølvsagt vil eg ikkje ha korkje S&H, Familien eller anna fordummande og intetsigande lektyre hjå helsestasjonen!!

Halvdaude pasientar lokkast til ein for tidleg grav av slikt vås, sjå berre på Sven O!

Doriz Jeltzin sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Lydonen sa...

Eg har som regel med meg mobilen min. Her kan eg surfa rundt på nyheitssider, sjekke mail og gå igjennom avtaleboka. Om det høvar seg slik har eg kanskje med eit mc-blad eller noko musikklitteratur, eg abonnerar på mykje og får nye blader i postboksen kvar uke.

Alt anna enn å sitja der og grave i andres private skit og sjå bilete fra heimane til all slags paranoide tullingar.