lørdag, september 26, 2009

Opprop til Kvænane..

Eg er attende! Oppmoingane på seine dansefestar i Kvænchester blei for mange..
Og kva svir betre enn nokre saftige kvænske lyriske vers?

Du sit der så ynkeleg taus i ein krok,
Med soger om "Kveenia" trykt i ei bok.
Du drøymer om di eiga etnisitet,
Med oppreising, erstatning og alt du vet.

Og tankane farer, du drøymer deg bort,
Tenk Kvænsk blir snart verdsspråk jau det skal bli stort!
Og Kvænske butikkar dei kjem over alt,
Med ekte Kvæn-dollar dei tek seg betald.

Men kva om vi ikkje er rase så rein,
Jau alt kva vi otta oss, skrika og grein.
og språket vårt utvatna finsk kråkespråk,
sanninga svir, du lyt bære ditt åk.

du er ingen kasus, korkje lapp eller finn,
der du kjenner deg nedtrykt og håpet det svinn.
For kvænen sitt ljos sjå det brinn så blått,
ruija museum, et reint drøymeslott..

lørdag, september 20, 2008

Snart er alle sjuke..

Eg les som regel A-magasinet kvar veke. Ikkje at dei skriv så mykje om mopedar, men sjuke folk dét skriv de om!!
Denne veka kan ein lese om kreditt-sjuka, mange har vorte lurd av bankar og kredittkortsjølvskap slik at dei har lånt for mykje pengar og såleis blitt belemra med denne leie sjukdommen, i det dei ikkje klarar å betale attende.

Ein annan gjeng med sjuke folk er dei narkomane, dei er sjuke på lik linje med andre pasientar fortel dei, og krev behandling. Vel, eg veit ikkje kva eg tykkjar.. Om eg freistar heroin nede i Oslo forstår eg jo utmerkt godt at eg vil bli hekta, og sjuk blir eg garantert attåt, men at eg har gått hen og fått meg ein sjukdom som samfunnet lyt behandla på linje med vanlege sjukdommar det blir ein dryg påstand..

Sjølvsagt skal samfunnet freista å hjelpe folk som har råka ut for slikt, men eg etterspør ein smule sjølvkritikk hos dei som har blitt pillemisbrukarar, narkomane, gjeldsoffer eller alkoholikarar. Eg har ikkje høyrd ein som tar sjølvkritikk!! Som betalande medlem av samfunnet nektar eg bastant desse skuldingane, eg har ikkje gjort Ole til narkoman!

VG skriv også om sjuke folk, eg hugsar ein som kappa av seg foten fordi han rett og slett ikkje ville ha han lengre. Kjem ein ut for noko slikt og havnar i rullestol blir ein vel rullestolmisbrukar.

Folk blir sjuke av stress og jag også fortel dei! I ei tid der vi jobbar mindre og tjenar betre enn nokon gong klarer kvarmannsen ein slik bragd..
Når han med all mogleg rett kunne forlangd ein av sine fem-seks lovfesta ferieveker og reist til bahamas for dei 156000 kronane han gjennomsnittleg har i bankinnskot, foredreg han å stresse rundt i sin eigenskapte imaginære tidsklemme og jamvel kjenne seg for sjuk til å drege nokon stader.

Eg gjev meg ende over!

lørdag, august 02, 2008

Tjuvar på torget...

I ei tid der kvarmansen risikerar bøter hvis han skaffar seg falske merkevarar, og jakten på dei som sel og produserar slikt intensiverast er det med undring eg ser kva torgseljarane byr fram av stolne merkenavn på til dømes Kirkenesdagane og Båtsfjord i fest. Heilt utan blygsel og med arrangørane sitt fulle samarbeid sel dei stygge klede med logoar for Ferrari, Iron Maiden og liknande..

Ikkje meg i mot slikt sett, det er ikkje mi oppgåve å håndtera lova, og eg eig ett og anna tvilsamt produkt sjølv. Men kvaliteten bekymrar meg. Ferrari er handtverk til fingerspissane, og så forsøker nokon å assosiera seg med Ferrari med slike ur-kjipe lørver som dei sel på torget? Eg gremmast kvar gong eg ser nokon i slike gevantar..

Men det finst unntak lukkelegvis. Harley-effektane torgseljarane har står godt til originalmaskineriet.

Eg innrømmer det gjerne, eg har sjølv vore i Chinatown i Kuala Lumpur og kjøpt Repsol Honda-skjorte til 20 dollar. Men den såg ut som en million, presis som originalane teamet brukte og dei finnst ikkje i kommersielt sal så eg hadde ikkje noko val. Det blir noko anna med skiten på torget, hettegensar i rimelegaste kvalitet med halve ordet på kvar sie av glidelåsen med godt mellomrom ser du aldri meg i. MERC EDES liksom...

Eg gruar meg litt til våre eigne dagar, "Kvænchester i koma" som er en tre-fire dagar med fyll, dyr grillmat og piratvarehandlande torgseljarar.

onsdag, juli 23, 2008

Einfoldeg religion

Kva er det med dei religiøse? Jau det undrar eg ofte meg på. Eg har studert saka, og har no slutta meg til ateistane.
Det er lov å tru, jau misforstå meg rett, eg vil ikkje ta frå dei trua. Men for meg er det noko uforløyst over det hele, utan eit fnugg av bevis og med dårlege vitenskapelege kort på hånda vel folk altså å tru at det finns noko anna, noko betre og at vi difor ikkje må teke for oss av det gode vi finn her på jorda, for slikt kjem til oss i paradis eller himmelen eller kva det nå er det heiter. Kvifor finns det her da, om vi ikkje får røra noko? Og kvifor får vi godsakene i etterlivet og ikkje no? Og kvifor pekar dei heilage rakt til himmels når de snakkar om dei som døydde? Vi flyr jo forlengst oppi der med fly, rakettar og helikopter og der finns jo ikkje masse daue folk oppi der som lev etterliva sine?

Og så er det nett det at kristendom skal vere betre enn anna. Til dømes den nedlagte pøbben "Foxy" i tana, som vart seld til menigeten der borte, slik at dei kunne gjera det om til menigheitshus. No blei det så mykje betre forklarte avisa, og radioen med.
"Nå skal Jesus erstatte øl" proklamerte dei og fikk brei spalteplass. Tro erstattar vitskap seier no eg...
Kvifor kan ikkje media være sekulære og heva seg over slik retorikk? Alkohol i fornuftege dosar er vederkvegande og gjer ei sann kjensle av fred og komfort. Noko religionen aldri har vorte i nærleiken av. Her skal ein pina seg sjøl med avhald og bot.

Eg veit ikkje helt. Eg føler at alkoholen leverar kvar gong, medan religionen så langt aldri har levert noko anna enn vage lovnader, som ingen så langt har kome tilbake for å fortelja om.

Kristendommen leverar ikkje mine damer og herrar....

lørdag, februar 23, 2008

Saknlaus flyttestraum..

Eg sit her og lés i "Kvænchester Evening Standard" , lokalavisa som kjem ut kvar kveld.
Dei kjøyrar ein sak om fråflytting, og har fått tak i han Jonni for å illustrera soga.
"Eg kjenn ikkje noko sakn" uttalar Jonni, og set vel samstundes ord på korleis det kjenns i andre enden også, tipper ikkje det kjenns mykje sakn her heller.
Slik eg forstår det er det bitterhet etter usemje med nokre spelekompisar i "Loo Sends" som forårsaka flyttinga.
Han peikar på Jantelov og kjenn seg forbigjengd, og han poengterar at folk er flinke til å skryte av seg sjøl her oppe, samstundes som ein helst ikkje skal tru ein er noko.
Fiskebolleboks-miljøet blir også angripne, og Jonni seier han blei "Fed up" av slik klikkdannelse som dei står for.

Eg kjenn meg ikkje igjen i noko av dette, for om det er noko Fiskebolleboksen Næringsgard stend for så er det nett inkluderande arbeid til beste for heile samhaldet, og noko mindre stengd miljø finns knapt.

Noko så lite pompøst og lite sjølvhøgtideleg som Fiskebolleboksmiljøet finns vel knapt i heile Kvænchester, i det heile finns det lite av slike haldningar her i staden. Det har blidd mindre og mindre kan ein seie..

onsdag, februar 13, 2008

The New Religion..

Eg har klart det mine damer og herrar! Kva da spør de? Jau, høyr: Eg har bekjempa Buell-kløe og stått i mot Triumph-trong. Eg har berre vifta det bort, stått rak i motvinden og preika mitt eige evangelium. Og no er eg over åskammen, slut på oppoverbakkar, no ventar heimstrekka!

Eg har lagt det gamle bak meg og seld BMW'en. De høyrde rett, han er seld.. Lukkelegvis flokkar folk seg rundt brukt BMW som fluer rundt kuskit, og mopeden blei seld på under ein dag, utan pruting, ingen tomprat, EG TEK HAN, BASTA!

Så no skal BMW'en putla rundt nede på Andenes medan eg nok vendar nesa litt lengre syd..
Triumphane skal ha ein ting: in-line triple. Eg trodde eg var twin-fan men så prøyvde eg Tigaren til Reven, og da blei eg på eit vis seld. Eg haldt det for meg sjøl men det smaka fuggel. Og før alt rakna utanfor Bratislava dro jamvel Reven forbi meg, med Snøfte bakpå. Hjelpe meg kor fornedrande. Visst hadde eg terga Reven med RS'en året før på autobahn men kven hadde trodd den Rotmo-elskande karsksvampen var så langsint? Eg hugsar blikket da han dro forbi med 300 kubikks handikapp. Faen heller..
Så in-line triple ja, men Triumph blir for engelsk, eg må ha noko anna. Og eg må vere sikker på at om Reven kjem kan eg "dønka" han skikkeleg. Så eg trur det blir Benelli. Benelli TreK 1130 Amazonas trur eg det blir. Lyden er framifrå, Daytonaen hass Kyllingelskaren høyrast mest ut som ein bleik skugge. ..



Nytt år, ny religion, AMEN!

onsdag, februar 06, 2008

Kor e alle heltar hen?

Når eg sit og ser på min eigen blogg (narsisimen rir meg stundom) kan eg ikkje hjelpe for den litt triste kjensla eg utsett meg sjøl for når eg prøvar å trykkja på ein av dei særskild utvalde lenkane eg har funne plass til her til høgre.
"Journal" er nedlagd og no er innhaldet fjerna medan "samstundes" tydlegvis har gått i seg sjøl og "nuka" sin eigen blogg.
Berre Varangertenkaren finns att, men kjenn eg den karen rett klamrar han seg fast i internetets fjæresteinar og nektar å late seg drive bort og ut fra netets lune samkvem. Varangertenkarens lett naive og beint fram hyggelege betraktingar sjarmerar mange, sjølv om det stundom vert noko unyansert. Her nett no kunne eg til dømes lesa om den nye innvandrarbutikken til Ebenezer i fylkeshovudstaden:
På tide kan me seia. At slike forretningar kjem hos eit folk som trudde at salt og pepar var det einaste krydder som fantes.
Jau, sjølv har eg nytta kvitlauk, chili og krydder frå heile verda i alle år. Dei som trur vi har berre salt og pepar er vel berre dei mest inngrodde av dei framanfiendtlege. Men, han trivst med å skriva slik. Han er mest av alt ein inter-nasjonalromantikar, varangertenkaren.

Men, attende til linkane mine.. Pinleg at eg satsa på så skrale hestar, eg ser det no. Men linkane skal få stå som eit symbol på det som ein gong fannst, at folk er omskiftelege og vinglar mellom det eine og det andre vedkjem ikkje meg. Eg har fanga ein tid, reflektert ein stemning, noko som no er historie.

søndag, desember 23, 2007

>Feisbukk

Eg har, som omtrend den siste personen i verda med internet-tilgjengsle "joina inn" på facebook.
Grunnen til at eg venta var forhaldesvis klar; eg gjekk ut i frå at det var berre møl, og sidan eg foretrekk litteratur og raudvinskveldar framfor tiltakslaust tomprat på netet gav eg blaffen.
Men så synde kona noko for meg, eit geografispel der ein konkurrerar mot venar og kjende og resten av verda! Det var noko for meg, og eg tegna meg som medlem.
Til tross for at eg ikkje deltek i noko anna, haglar det med meiningslause beskjedar og tomt pjatt på "veggen" min, og eg får også innsyn i meir eller mindre private meldingar mellom perifere vennar. Eg druknar i sosialpornografi godtfolk, men alt eg vil er å klikka snøggast råd på verdskartet og slå rekorden min på 573800 poeng.
mange fortel at dei får kontakt med folk dei ikkje har sett sidan framhaldsskulen, men kva interesse har kontakt for kontakta si eigen skuld spør eg, det må da vere ein grunn eller to til at man ikkje har hatt nokon kontakt med dei på årevis?
Nei jamen om eg skal bruke jula på Feisbukk! Ein meire lavpanna kommunikasjonsform blir det vanskeleg å finne. Ein så fortetta skog av bambus at all vitskap prellar rakt av. Fri og bevare meg vél!!

fredag, desember 14, 2007

Juletankar

Eg traff han Ronald på pøbben i går. Eg var der for å montera nye dubedittar til lydanleggnaden medan han Ronald kom for å drykkja øl.
Jau, korom alt kvart så slog vi av ein prat..Eg trudde han laug da han fortalde at han hadde hatt 200 på Harleyen sin, men sidan tullingane fra Båtsfjord har ballar av stål og Harleyane nokon utruleg optimistiske fartsmålarar valde eg å tru han. Vi fra byen kan mest berre gå heim og leggja oss, slikt toskeskap kjem vi aldri i nærleiken av... Vel har eg sett han Toro snitta 200 med R100RT på tur til Vardø men det blir berre blåbær, jau mest som ein daglegdags tur å rekna. Ørkenreven på bakhjulet gjennom lyskryssa i Polen med "Snøfte" bakpå vert berre ein søndagstur. Lydonen på 20 timar fra Gøteborg til Vadsø blir ein tur rundt kvartalet!!

Vågalheit er redefinert mine damer og herrar!! Evel Knievel er dau, leve Evel Knievel!!

mandag, oktober 29, 2007

JOURNAL

Krigsrop til stønad for "journal":

Eg kan ikkje tru det, slik riv det i sjela
jau, mest som ho Ingrid som ramla med fela

Så svis eg av otte, eg brennes av kvaler
Og les at "Journal" no ei har meir på lager

Dei rusta ho opp, gav ho fullrigga seil
så let dei ho strande, eg spør kva gjekk feil

No let dei ho søkke, mot botnen av nettet
Nei høyr på meg Haugen, no tek du til vettet

Vist blei du farga, av is, snø og ild
Men mann, vis oss kjensle, berre litt er du snill

Vi lovar deg betring, vi sender deg twist
For kjære, du let ikkje meg flira sist?

Revolusjon for Harley-eigarar her nord

No kan verkeleg harley-karane sjå ljost på tilværsla, fortel han Ingulf i ein e-post!

Han har nemleg forhandla fram ein eigen transport-avtale som førar med seg at man no heilt slipper å kjøyra djevelskapen om man vil til Oslo, profesjonelle sjåførar bring Harleyen trygt og raskt fram i lastebil (ein trailar når 90 km/t, noko berre dei med størst ballar har tort å ha på skrapjernet fra Milwaukee) medan du tek fly, sjølvsagt høveleg antrukket i Harleyklær og med prangande Harleyeffektar så folk verkeleg kan sjå kven som kjem her.
Så er det berre pliktskuldigst å dunka rundt nokre kilometer der nede før proffane igjen overtek håndteringa av Harleyen og fraktar han trygt heim.

Sjølvsagt har du nytta høvet i storbyen til å fresja deg opp med nye Harley-effektar, slik at heimturen med SAS blir ektra høgtidsstemd og fin.

Kven sa at Oslotur med Harley var umoleg? Takk til transportørane for eit slikt høve!! No er vi ikkje hemma av maskineriet lengre, seier Ingulf henrykt i e-posten..

lørdag, oktober 20, 2007

Snø og Ild

Eg har brukt meir eller mindre ein heil månad av livet mitt på musikalen "Snø og Ild" i Vadsø.
Hjelpe meg for eit svært prosjekt. Sidan eg veit at mange teknisk interesserte les bloggen min nett her på internettet (som om han var tilgjengeleg så mange andre stader, hehe..) kan eg fortelja at vi nytja særs mykje avansert utstyr og dubedittar på showet. Eg hadde eit digitalt miskarbord kor eg kunne lagre scenane men endte sjølvsagt opp med å kjøyra framsyninga med "analog feel", noko som i realiteten vil seie at eg aldri kom så langt. Eller egentleg ikkje, det blei liksom berre aldri aktuelt eller interessant nok å gjera det. Lagra scener meinar eg.
Ein stor del av åndseliten i Kvænchester deltok sjølvsagt på framsyninga, og for å seia det rett ut blei stykkjet framifrå. 2100 selde billettar i ein by med 5-6000 innbyggarar seier det meste.
Musikken var meir eller mindre genial og manus likeså, så dette var svære greier.
Opptil fleire lokale bloggar-gurus har sjølvsagt både omtald stykkjet óg delteke, så mykje er sagt men det fins fortfarande nye vinklingar.
Pressa blei vakta med argus-auger og ikkje så mykje som ein promp fra ein av utøvarane kunne refererast i avisa, men når sceneljosa slukka var det fritt fram, og profilerte rikskjendisar kunne synas frem i "Finnmarken" drikkande med begge nevane. Hjelpe meg for nokon amatørar vi snøggt blei reduserte til. Eg kunne ha skrevet at den gamle ugla fekk hevnen sin men eg let det ligge. ("shrug")
Skodespelarane er allerede hylla i det vide og det breie, men eg må nevne den frivillege innsatsen, og i særskildnad dei joviale veteranane i stykkjet, nemleg Fritjof, Jonny og Ronald.
Også Hugo utmerka seg, men han er ikkje gammel nok til å kvalifisera til hederleg omtale ;-)

tirsdag, august 28, 2007

Kva i heitaste er Cialis??

Enda ein mail fra ein idiot som vil selja meg Cialis, Levitra og Propecia.
Kva i heitaste er det for feil på desse folka?
Her sit eg oppe i Kvænchester og har mest alt eg kan ynskje meg, og så skal degenererte og evneveike taparar med mangelfullt utvikla kjønnsdelar kunne ta seg til rette og nyttja min inbox til å fortelje meg om problema sine?
Dette fortel meg fleire ting. Ikkje berre har disse karane seksuelle problem, dei vert også belemra med økonomiske problem og sannsynlegvis også ein samansatt rekke adferdsvanskar.

Eg ser dei for meg, i ein trasig leilighet med rotter og kakerlakkar sit dei, uflidde og fæle med sneipar og matrestar rundt seg alle vegne, og der sit dei og skal prakka på deg Cialis og anna placebo du ikkje ein gong veit kva er og langt mindre har noko behov for.

Nei, klipp hår og skjegg og få dykk ærleg arbeid, de late dagdrivarar!! Herfra kjem ikkje EIN dollar!

søndag, juni 24, 2007

Better safe than sorry..

Dette med religion opptek meg. Eg tenkar, kva trur de på, disse som trur? Og kvifor trur dei ikkje, disse som ikkje trur?
Kvifor lønar staten dei truande betre enn agnostikarane og ateistane? Kva er feil med å ikkje tru? Eg ser for meg ein ikkje-religion som til dømes kan heite protest-onklane og som går sterkt ut mot protest-tantane, dei svinepelsane har eit og anna liv på samvetet og kan hverken skulda dop, alkoholrus eller anna for det inntrufne.
Protest-onklane kan til dømes kreve statsstøtte som brukes til å byggja høge, spisse hus med god akustikk kor ein kan ta opp kampen med kyrkjane om dei lukrative og lett blasfemiske julekonsertane der jo mammon meir enn noko står i høgsetet.
Protest-onklane vil sjølvsagt servere øl og vin til konserten, og gjerne spe på med loddsal og stripping. DET vil gjeve dei geistlege noko å tenkja på!

Men nok digresjonar. Eg lurar på kva slags prov sjølvmordsbombarane har på herlegheitane i det neste livet før dei trykkjar på knappen? Fins der noko prov? NEPPE! Er drivkrafta ein overtying om at det ikkje kan bli verre?
Eg tror egentleg at det ikkje fins meire etter dette, men om det gjer det er eg førebudd på å ta straffa i det neste livet og heller ture og feste i dette, framfor å møte skaparen ved perleporten og bli spurd om kvifor eg avslutta spelet før eg passerte start og mottok dei 2000,- kronane.

lørdag, juni 23, 2007

Sjå og høyr..

Eg har ein del ting som verkeleg irriterar meg. Speleautomatar til dømes. Bladet "Se og Hør" er ein anna ting.
Lat meg kaste ut ein brannfakkel: Ressurssterke folk med sunne interessar les ikkje slikt. Dette er hensynslaust tjuveri av fritida til uføre, pensjonistar og andre svake grupper, ein utspekulert massesuggesjon for å lura dei til å tru at bladet er sjølve livet deira. "Ukas Høydepunkt" står det på framsida. Og den glorete sølpa ligg alltid framme på disken, den plassen har dei kjøpt fortell sjefen på Narvesen her i Kvænchester.
Kva i heitaste er det for høgdepunkt å lese om dei siste nevrosane til Mette-Marit og sjå telelinsefoto av kjendisane sitt privatliv? Rulling rundt i andres skit, samstundes som ein slepp å ta tak i sin eigen tilværsle, eg kallar det trøsteslaust. Tenk å finne så lite i sitt eige liv at det å lese spekulativ skit om kva andre gjer gjev livet meining.

Eg så ein sak med Odd J. Nelvik, redaktøren i bladet. Han var misfornøgd med at hans opplagstall vart samanlikna med bladet "Her og Nå" , og uttalde at "Å sammenligne Se og Hør med Her og Nå, blir som å sammenligne fransk champagne med billig bulgarsk hvitvin"

For noko tullprat. Men lesarane let seg vel påverke. De trur dei deltek i noko fint og viktig ved å kjøpe bladet. Og har de pengar til overs kjøper dei vel serviset hans Ari Behn hos "Til Bords", hjelpe meg, intetanande kasta eg blikket inn gjennom glaset i butikken hennes Torill, og der stod det og skreik mot meg.

Hadde eg fått bestemme kunne serviset berre syanst frem bak eit avlukke, slik at ein ikkje kunne utsettast for det utan samtykkje. Ein slags sladd...

mandag, juni 18, 2007

Harleyane dundrar forbi...

Eg satt borte på hytta her sist helg. Hytta mi ligg beinast strakt inntil Munkevassbekken i Sør-Varanger, og eg hadde tatt turen rundt fjorden for å få lufta mopeden og for å sjå til hytta.
Eg visste at Varanger MC skulle ta hurtigruta frå Vadsø til Kirkenes og kjøyre heim langs vegen, så eg satt der med kaffikoppen Lørdags morgon og venta på at harleyen hass Ingulf skulle dundre forbi..
Og da slo det meg! Alt skriveri om Harleyar som brummar forbi, dundrar forbi og slikt, svarten heller det gjev Harley ein medieskapt aura av kraft og potens..
For noko skurrar, godtfolk! Og kva er det? Jau, Harleyane kan berre dundre forbi noko som stend stille! Dei kan berre banka nokon som ligg nede!!
Her fins jo ikkje potens! Ikkje krefter, ikkje komfort og ikkje kjøyreeigenskapar heller. Så kva sitt me att med da? Jo, feelingen seier dei, FEELINGEN!
Feelingen av kva da, seier eg? Feelingen av å bli frakjøyrd av Lydonen og Triumphane? Feelingen av vond rygg, stive bein og lam ræv? Feelingen av ikkje å få med seg to kilo bagasje? Feelingen av von på om rakkelverket kjem seg heim? Feelingen av å ha betalt blod og tårar for ein skraphaug?

Eg satt og skumma på terassen og tenkte på feelingen. Sidan været var skit og det regna smådjevlar reikna eg med at det ikkje kom til å koma nokon. Eg heiv hjelmen på hovudet, slengde meg på GS'en og visste at øvrigheita ikkje var ute på ein sånn dag! Ein time og tjuemfem minutt seinare var eg heime. What a feeling!!

tirsdag, juni 12, 2007

Øvrigheit og kvarmannsen

Heisan godtfolk,
Sanneleg tid for nokre nye saftige upploadingar av Bensintankar!
Jau, eg svik dykk ikkje og no når mopedane atter summar rundt her nere i fjæresteinane lyt eg gjeve lyd frå meg.
Triumphane ventar berre på dei siste delane, så kjem dei fram fra skjulet dei med.

Eg har mykje på hjarte om dagen!
Mange vil vere samde med meg om at trafikken her i Kvænchester har eit visst behov for moderasjon. Vi har ingen reell trafikk sidan alle voksne i staden aspirerar til å bli opptekne i VSK-sykkel og trenar til neste tour de Varanger, nei alle bilistane i sentrum har kviser i staden for ansiktshår og har sett for mykje Autofil. Og dei sirklar meiningslaust rundt i ring inntil dei har samla opp så mykje testosteron at dei må få blåst ut litt og da gasar dei friskt ein gang eller to opp og ner innfartsåra til sentrum.
Byen har vorte belemra med ein skammeleg kjøyrekultur utan bruk av blinkeljos og plassering i vegbanen for å fortelja kor ein skal, ein livredd rein er meire forutsigbar i bevegelsane sine enn byens "Autofile".
Alt dette utan at politiet visar seg, noko eg syns er greit sidan eg ved fleire høve har kjøyrd fleire kilometer over fartsgrensa på mopeden min.

Men så ein vakker dag i Mai kan ein ane at lovens voktarar har fått det for seg at dei skal kontrollere litt, og med verdens største sjølvklarheit dreg dei i gang store kontrollar for å sjekke om kvarmannsen har med seg ein gul refleksvest i bilen! KVA?? Er det prioritet nummer ein??

Av alle latterlege prioriteringar brukar dei ressursar på dét no.. Og 90% av Kvænchesters befolkning har vorte så ottefulle og redde for represaliar at dei har tredd den gule vesten ned over passasjerstolen i bilen, slik at alle kan se at dei har han med. Det ser mest ut som om markørlauget til Raude Krossen har ein eller anna konvoi på gang.

Gud kor eg gremmast!

Ørkenreven stakk innom her forleden, og med dei nye Triumphkatalogane stolt og høgt heva i handa hytta han Triumferande mot den Bayerske overmakta: "Dævven no har æ vorre i Finnjlainn å prøva nye Tajjgern ja sjø" kauka han sjølvsikkert og holdt fram den nye katalogen.

Eg foreslo ein lettøl og ein Davidoff-sigar nede i fjæresteinane og slik blei det. Best som røyken steig og sola forsvann bak huset mitt i Nord begynte reven å rote nede i Triumph-baggen sin:

...." Æ tok no me littj breinnvin sjø"....

søndag, desember 17, 2006

Råd(vill)mannen...

Byen vår har ein rådmann som må hata lokalaviser og lokalradio intenst. Kvar gang han slår opp eller skrur på får han servert lugubre historiar om seg sjølv. Han har vore etterforska, tiltald og dømd på ein slik måte at berre mor hans og borgarmeistaren trur han er oskuldeg.

Hans siste "stunt" er kanskje det beste hittil: Rådmannen har ein krins av "leikekameratar" her i byen, dei tjenar fett på jobbar dei får for kommunen og stryk rådmannen med håra både offentleg og privat. Dei har ein fin leikegrind heilt nede ved sjøkanten på ein plass kalla "Fiskebolleboksfabrikken" som stort sett har vorte bygd med offentlege kulturmiddel.
Her fann kameratane ut at rådmannen óg kunne få væra med å leike og bestemde seg for å stengja kulturhuset "Boksen" slik at rådmannen og alle hans tjenarar skulle få fine kontorlokaler saman med venene sine.
Fin-fint! sa rådmannen til kameratane, eg betalar ombyggnad og husleige på ein 3-400 hundre tusen, så har dykk plenty pluss pengar til julegåver åt meg attåt!!

Men dei som jobbar med kultur nede på Fiskebolleboksfabrikken blei sjølvsagt forbanna og klagde til politikarane, og lokalavisa skreiv om det også. Stengja den einaste brukbare scena i byen for å byggja rådmannskontor? Er dykk forrykte alle??

Utleigaren meinte i sin einfoldighet at rådmannsgruppa ville styrkja det kulturelle og kunskapsintensive miljøet om dei flytta inn der nede, Men korleis det skal gå til sidan alle kulturbedriftane flyttar ut om rådmannen flyttar inn??

Ja sei det, det veit berre utleigaren og råd(vill)mannen!!

Nye revestrekar...

Naboen har fått seg Fender. Eg tenkjar på Ørkenreven. .
Eg kan sjå han for meg der han sit med Vømmølkassettane sine og forsøker å leggja sitt eige akkompagnement over Rotmo og karane sitt.
Drøymer om ein ny ungdom får næring i musikalske tolkningar som krinsar ubestemmeleg rundt ein stad mellom frijazz og disimmilis, medan grovmekanikar-fingrane til ørkenreven møysommeleg stabler seg fram og attende på gripeplata og katt, kjerring og ungar søkjer dekning for det aurale bakkeåtaket "reven" har slept laus.
Eg gruar meg i grunnen litt til ørkenreven blir litt betre til å spela, for aldri har kråke -og lausrevplagen vore på eit slikt lågmål her i nabolaget som nett no.

Graturerar med dagen kjære nabo, og GOD BETRING!!

tirsdag, desember 12, 2006

Dei fine tinga i livet gjeng meg hus forbi...

Det nærmar seg jul og eg sit her og grunnar over livets mysteriar. Eg har aldri påberopt meg nokon særskild god eller dårleg smak og eg har kanskje vore nøgd med for lite i mange høve.

Kunst til dømes, eg trivst med enkle bilete av Juan Brito Vargas og Sissel Sofie Zahl på veggane, og er ikke raffinert nok til å nyta til dømes verdens dyraste maleri, "verdt" 928 millionar:


For ein med min simple forstand kan det mest sjå ut som noko skoleborna har malt medan dei besøkte atelieret hennar Inger Unstad.

Mat også, eg får ikkje dreisen på korkje stør-kaviar, sneglar eller trøflar men kosar meg med biff og kjøttkaker.

For ikkje å snakke om husly! Ein alminneleg suite hos Rica eller Quality held lenge for meg, og er så beskjedent utrusta når det kjem til sans for det fine at eg synes dette "biblioteket" i verdens dyraste leilighet i New York til 450 millioner ser harry ut!


Ikkje rart eg foretrekk ein slik simpel doning til nokre få titusenlappar:

I staden for denne flotte Harleyen som gjekk for ein million dollar:


Nei, eg lyt melda meg på eit kurs og lære meg litt sans for det fine, ikkje rart ein følar seg som ein idiot stundom!!

Lydonen klaskar til...


Hei godtfolk!
Eg har fått ein kjempeidé! Eg har funne ut at eg skal henga opp julestrømpa mi her på bloggen, og så kan dykk som vil putta noko i ho berre senda det til:

Lydonen
Boks 474
9811 Vadsø

På førehand hjarteleg takk og god jul!!


søndag, desember 10, 2006

Kysten og Viddane...

Søndags ettermiddag her i fylkeshovudstaden... Kvifor seier me eigentleg ettermiddag når det enda er lenge att til middag? Her har konstruktørane av det Norske språk noko å svara for. På til dømes engelsk er slikt vås umogleg, sidan me skil mellom "afternoon" og "after dinner". Onde tungar vil hevde at engelsk er eit betre språk enn Norsk, men lukkelegvis kan Nynorsk forsøksvis brukast som ein bro over det gapet.
Vel vel, eg har anna på hjartet også. Eg høyrde at bloggaren Kysten hadde vore i kontakt med min gode nabo Kyllingelskaren for å høyre kor han kunne få bestilt seg dei nye Triumphkatalogane. Dei to er kolleger og kan ringe kverandre og prate skit på firmaets reikning med godt samvit.

Eg tør gisse på at Kysten blei lang i maska når Kyllingelskaren noko beklemt kunne fortelja at katalogane ikkje var heilt "offisielle" men noko visvas den onde og skadefro Lydonen hadde fotosjoppa i hop heime på komputaren sin i åpenbar raudvinsrus. Det var vel erklært som umogleg at nokon skulle falle for ein så åpenbar og utilslørt morosamhet men den godaste Kysten gjekk rett i baret okke som. Han hadde leita høgt og lågt på "triumph.com" for å få nerloada dei flotte nye katalogane!!

Jau, jau Feskarhau!!

fredag, desember 08, 2006

Teknologisk Harley-revolusjon!!

Jau,
Dykk har høyrd det, de med: "Harley er berre skit, gamal møkk" sei dei!

Vel, godtfolk, kanhende eg kan love ein endring, for nett no har Harley vonne ein høgthengande teknologipris -høyr berre:

"Harley engines are considered the most efficient way to convert gasoline into noise without the side-effect of horsepower"

Dette er jo fantastiske nyheiter for Harley-folket, berre og gratulera. Bråk og skramling er jo livet sjølve for Harleykarane, og kraft i motoren vert ansedd som uheldeg og farleg i dei krinsane.

Tenk dykk: Dunke godmodig og høglytt avgarde med MAX lyd i potta heilt utan risiko for at hestekreftane tek laus og bring deg ut på viddane, det klarar ingen betre enn ein Harley-Davidson.

Ikkje rart kjøparane stend i lange køar!!

fredag, desember 01, 2006

Blåmandag på Triumphverkstaden..

Dykk hugser kanskje naboen min, ørkenreven? Han som havarerte med Tiger'en utanfor Bratslava! Eg stakk innom i dag og som den herremannen han er blei det servert nytappa vann fra springen...
Ørkenreven jobbar som matros på ein russetrålar, og var nett komen heim fra havet. Eg var nyfiken og fæl og lurde på om dei hadde klart å finne nokon feil på motoren hans på verkstaden. Ørkenreven gjenoptok snøggt kløinga i hovudet fra i haust og keik ned i bordplata.."næh, de va no it'j de nei, sjø.." mumla han.
Etter kvart kom det for ein dag at verkstaden hadde brukt opp to heile rullar med gaffateip, ein pakke strips og ein heil bunt med ståltråd utan at det blei betre. Neste tjuvtriks var i henhald til verkstadshandboka å bestille ein ny motor, og det hadde ørkenreven nett bestemt seg for å gjera. Pga den uforutsigbare effektkurven og dei hardtsugande bremsane finns det alltid ein stor rikdom av nyare, totalvraka Triumphar med billege heile motorar til sals.
Ørkenreven hadde slik eg forstod han spandert fleire hundre kroner av sjømannshyra på den nye supermotoren, og no skulle karane få sjå på fæslegheitar! "120 gamp, ja, sjø!" proklamerte naboen stolt og gliste når han tenkte på Kyllingelskaren som skar tenner og bante stygt et par hus lengre oppe i gata, han var smerteleg klar over at no kjem han til å få "dønk" neste somar.

Daytonaen heng med nebbet og ser gamal og treig ut nede i garasjen hans no...

tirsdag, november 28, 2006

T5PC...

Eg les ein sak hos NA24 i ettermiddag.
Det handlar om T5PC, the five percent comedians. Mange småspararar og bygdetullingar likte konseptet deira, som gjekk ut på at man kunne bestille sitt eige luftslott eller få sydd seg eit sett av Keisarens nye klær på internetet.

Eg har opptil fleire kjenningar som hadde klokkartru på World Games, eit anna spel mange Finnmarkingar kosa seg med for nokre år sidan. Konseptet gjekk ut på at man betalde inn ekte pengar og fekk monopolpengar attende, noko svært mange tydelegvis tykte var ein god idé.
Dei samme folka finns i dag å treffe på ein Narvesenkiosk nær deg, der dei heng over ein speleautomat med tomt blikk.

Eg følde aldri heilt at dette angjekk meg, før eg fekk sjå saka i NA24 her i stad. Det vis seg at godtruande motorsykkelungdom har late seg kasta blår i augane på og betald inn sparepengane til T5PC. Pengar dei hadde ærleg tjend og spinka og spart forsvann, saman med drøymen om maling til klubbhuset, sikkerheitskurs eller kanskje ein skikkeleg klubbfest med boller og brus. Eller kva med nokon Harley-effektar under treet til jul?

Slike smaklause svindelpyramidar har ein tendens til å ramme dei svakaste i samfunnet. Denne gongen var det austlandets blåaugde Harleymiljø som fekk treffe dei samvitslause blodsugarane!

Eg vonar han Ingulf har pengane sine trygt i banken....

tirsdag, november 21, 2006

Triumph på offensiven...

Eg har nett fått maila over ei ny Triumph-annonse dei planlegg å trykke i "Finnmarken", lokalt tilsnitt og lokale karar preg annonsa. Håpar salet tek seg opp...Her ser dykk forsia på den nye katalogen deira:


Full satsing i Varangerområdet fra Triumph!

Meire kabelmysteri...

Tenk deg, dei hjelpsomme folka hjå Hi-Ficenterkjeden har vorte så elskverdege at dei har letta litt på sløret, ja nærast avsanna og folkeleggjord litt av kabelmysteriet!

Les berre:
La oss slå en ting fast med èn gang. En kabel er et filter. Og et filter er ikke ønskelig i en signalkjede som har til oppgave å gjengi musikk korrekt. De beste kablene blir da derfor de som har minst mulig filter-effekt! (Så enkelt er det!)

Ja godtfolk, så enkelt er det! Filtereffekten! Og no skal onkel Lydonen som har 2 år på framhaldsskulens elektrolinje og G+ i Nynorsk fra grunnskulen redegjere for ein typisk plateinnspeling, lat oss for moro skuld ta for oss Hifinerd-favoritten "Gåte ved Gåte" fra Kari Bremnes, og innspeling av eit gitarspor herfra. For å forklare betre erstattar eg alt som kan oppfattast som eit filter i innspelingsprosessen med samlebegrepet filter.

Her kjem soga:
"Gitaristen Børge P. Øverleir kjem tidleg i studio denne morgonen, og finn frem ein av workshop-strattane sine. Pluto har montert nokre nye pick-upfilter, og Børge og teknikaren Truls er spend på korleis dei let.
Børge finn frem eit jack-jack kabelfilter og pluggar i triaxis-forsterkar-filteret. Eit anna kabelfilter fører signalet ned til eit Marshall høgtalar-filter der fleire mikrofonfilter fangar opp lyden og transporterar det via fleire xlr-kabelfilter og inn på miskarbordet, ein komponent satt saman av hundrevis av filtre, dei fleste av det slaget hifi-folket hatar, her fins fasefilter, hipass-filter, eq-filter og fleire dynamiske filter av uhøyrd analog modell, før lyden får gå via ein veritabel bandspagetti av kabelfilter via fleire koblingspunkt-filter og inn til sjølve bandopptagar-filteret. Signalet skal nå produserast, prosesseras og filtreras i nærast det uendelege, miksast saman med eit uendeleg antal andre opptak og filterast saman til ein ferdig skive. Truls og Børge leikar seg med filtrane i studio og veit at dei er i ferd med å filtrera saman noko som kjem til å ta hifi-verden med storm!!"

Soga er sjølvsagt fiktiv. Men du kjøper altså det ferdege produktet, puttar det inn i cd-spelarfilteret ditt og trykkar PLAY, lyden fér gjennom kabelfiltra dine, inn i forsterkarfilteret (som får kabelfiltrane til å minne om ein dans på rosar) gjennom høgtalarkabelfiltrane og ut i høgtalarfiltrane (som får forsterkarfilteret til å minne om ein tur i parken) deretter gjennom lufta med lydens hastighet og inn i øyrefiltra dine for evaluering.

Ja lat oss berre slå det fast med ein eineste gong, EIN KABEL ER EIT FILTER!!!

Og visst har keisaren klede på seg, beste silke og dyraste pels, kan dykk ikkje sjå???

mandag, november 13, 2006

Kabelmysteriar...

Les du Hi-Fi pressa slik eg også gjer?
Eg var abonnent hjå Lyd og Bilde i et par år. Egentleg berre fordi dei selde pakkeløysningar med billege dvd'ar med bladet lurd inn.
Noko av det festlegaste man kan lese i slike blad er kabeltestar. Eit lyttepanel av ihuga hifi-nerdar evaluerar ivreg diverse kablar, medan dei lyrisk beskriv dei flotte og musikalske egenskapane til kablane. "perspektivet i musikken trer frem" med ein kabel medan "fiolinisten stryker varsommere over strengene" med ein annan. Også intonasjon kan forbetras med visse kablar les eg. For ikkje å nemne kva fordelar ein oppnår om ein kjøper isolatorar spesialbygd for å lyfte kablane opp fra golvet, da opnar ein ny verden seg fortel dei. Alt dette gjeld sjølvsagt berre om kablane har vorte skikkeleg innspeld.
Så kva tror du? Ein elektrisk ledar av metall hvis oppgave er å lede strøm, kor musikalsk kan han vere? Sit det musikalske geniar på kabelfabrikkane og blander metall-legeringar til perspektivet ramlar på plass og gitaranslaget let flott nok??
Det gjer nok diverre ikkje det. 80% av staben jobbar med design og marknadsføring på ein slik fabrikk.
Det fins diverre ikkje så mange måtar ein kan lede strøm på, og variablane er metallet sine eigenskapar som elektrisk leder. Nokon hemmelege formlar for å putte meire luft og nærleik inn i musikken, ja nærast anta ein produsentrolle på ein allereie ferdigprodusert og mastra skive og gjere store forbetringar på det musikalske uttrykket til orkesteret fins diverre ikkje.
Kan eit par meter kabel mellom høgtalar og forsterkar justera bort musikalske feil, turbolade orkesteret og beint frem utretta mirakel?? Det fins ikkje grensar for kva hifi-folket trur på, her har eg saksa eit par gullkorn:

"Metallerne i kablerne er simpelt hen tappet for elektroner - der er kun atomkernerne tilbage når man køber et kabel. Det er derfor nødvendigt at tilspille kablerne i længere tid for at undgå ioniserede atomer" (om viktigheten av innspeling av kablane)

"The damn things do lower noise, increase dynamics, remove haze and open up the top octaves"
(om cable elevators, kor produsenten lovar "tremendous improvements in tonal accuracy")

"Kablene utmerker seg med sin nøytrale og åpne spillestil. Rommet som trekkes opp, er formidabelt, og det er mye luft rundt enkeltmusikerne. Stereoperspektivet er bredt, om ikke så ekstremt som med xxxx xxxxx. Mellomtonen har derimot mer kjøtt på benet når xxxxxxx står for signaloverføringene, og spesielt vokaler fremstår fyldigere. Kobberkablene fra xxx-xxxxx er generelt sterke i disiplinen organisk gjengivelse av stemmer uten at de lar seg friste til å overfokusere eller legge på litt ekstra slik en del kabler har en tendens til. Bassens gjengivelse er gjennom-gående stram og hurtig. Ikke like superrask som for eksempel kabler fra xxxxxxx, men med en desto mer troverdig klangbalanse."

onsdag, oktober 25, 2006

Haustteikn..

Svarte Marte..Haustteikn skriv eg.. Vinterteikn hadde vore meir rikteg!
Mopeden snør beinast ned i hagen. Eg sver på bestemor mi si grav at eg hadde tenkt å setta han inn samme dagen som sneen kom. Men så snedde det, og mopeden kostar mange pengar og har berre somardekk. Kjørar eg no på glatta er vegen kort til ein "Martin Mortensen" og slikt skal eg ikkje ha på meg!! Så no lyt den fyste sneen forsvinne så eg får kjørd han opp i skjulet og parkert han. Sørgeleg også!!
Eg gler meg til å få mopedfaenskapen bort i fra hagen, eg og han Baso har snakka om å lakke nebbet og tankdekselet i vinter, og eg klør etter å få demontera delane.Det skal forsyne meg bli gilde KTM-orange fargar no, eg gissar på umiddelbar og betingelseslaus eksklusjon fra "Ytrebyfjæras BMW-eigarlaug". Enda eg er formann og einaste medlem. Så beinhardt straffar ein slike Quislingar som meg... KTM-orange BMW? HØH!!

Svarten heller, eg har jamvel begynt å sjekka rundt på eBay etter ny lydpotte, den dagen skal forsyne meg dei fattige ha dei saliges takk, om eg dukkar opp i vårlysninga 2007 med effektpotte og nylakkerte detaljar??

Eg veit ikkje kva det er, men noko må gjerast, mopeden må revitaliserast og eg lyt ta rev i seila snøggast råd, eg sver ved den heilage A. O. Vinje, ved språkreformen og alt som er: Det ligg Buell-katalogar her heime på kaffibordet. BUELL-KATALOGAR!!


Fotnote: Buell er fandens oldemor og djevelens stedfortredar.Eigd av harley og født av jomfru Maria. korsfesta, daud og begrava. Eg skal vel ikkje ha nokon Buell?? BMW rular!!!

søndag, september 17, 2006

All You Zombies..

Stadig får eg meilar fra godtfolk og blir stanna ute på byen av kvilelause sjelar som har trøsta seg med "Bensintankar" ein mørk natt.
Dykk sjokkar rundt her inne lik zombiar og sug til dykkar lyriske augneblunk og skeive blikk rundt livet på bygda. Veltar dykk i sladder og anekdotar om hvermansen.
Men dykk sett ikkje spor, meldar ikkje attende, kommenterar ikkje kva inntrykk de har sugd inn og fortært her inne!!
Ratingen er på bunnen godtfolk! Steingolvet på botn av internettet har treft oss! Mest lik den flygande Hollendar siglar vi rundt her inne, livlause!!

Meld attende! Vis livstegn! Engasjer dykk! Snyltarar!!

onsdag, september 13, 2006

Medgongssupportarar...

Rart korleis ein oskuldig hending kan settja i gong ei tankerekke..Eg møtte ein far på coop'en her ein av dagane. Sonen hass på to år vart kledd opp i ein velkjende røde klede og allereie godt drilla når faren spurde kven som kvart best, da svara sonen sporenstreks "mænsjestesjunaiti" .
Ikkje for å arrestera vedkommande for å snu kappa etter vinden, men det er noko irriterande med heile Man United og alle som heiar på dei. Kvifor i svarte kan dei ikkje finne seg nokon betre dei kan halde med?
Samme sak i Singapore, folk i raude trøyer satt foran storskjermen på fotballpøbben og justerte sinnstemninga si etter kva som skjedde i eit lokaloppgjer i ein middels god liga på den andre sia av jordkloden. Heim og banke kjerringa om ikkje naboderbyet i den engelske industriarbeidarbyen gjekk i "deira" favør. Og dyr Heineken i handa framfor godt lokalt brygg hadde dei jamvel.
Så kom ikkje og fortel meg at ikkje reklamens makt er stor!!
Samme på Formel1-løp. Schumacher, Schumacher og Schumacher!! Spør ein av disse såkalla Formel1-fansa om navnet på ein av dei andre kjøyrarane! Ikkje det nei? Og jamvel om Schmacher er god er han også ein usportsleg kar med masse dårleg opptreden på banen og slett ikkje nokon god ambassadør for den drepande kjedelege F1-sporten der alt vert avgjerd i depotet.
Og Motorsykkel-GP! Gult i gult, alle held med Rossi. Utan å tenka seg om held dei berre med Rossi. Han er god, javel! Men med best team, best support fra dekkfabrikken og flest pengar blir maktbalansen skeiv.
Så kva er det som gjer at alle vil kjøyra "safe" og velge minste motstands veg? Ikkje veit eg, men det må vere noko med flokkmentalitet, redsle for å bli oppfatta som annsleis. Eit ønske om å bli oppfatta som Streit.
Sjå! Eg held med united!! Sjå, eg er Harley-mann, eg med!!

Også kyllingelskaren, min gode nabo. Han blei kristna med det namnet på grunn av sin gule Daytona og sin omgang med påskegule Rossi-effektar!!

lørdag, september 02, 2006

Varanger MC, igjen..

Eg sit her i lågt haustljos og grunnar over livets store mysteriar...

Eg har nett titta på nokre treffbillete over på sia hjå varanger MC og tillet meg å vende attende til det store spørsmålet: Kvifor er eg ikkje medlem hjå dei? Svaret kom til meg over eit glas på ei kneipe i Kaunas, Litauen: Eg har ingenting der å gjera! Rett og slett..
Eg kjenner jo karane og treff dei i forskjellige samanhenger, men noko brorskap berre fordi eg har MC føler eg ikkje behov for. Eg har jo både lastebil og firehjulstrekkar også utan at eg finn det naudsynt å melda meg inn i foreningar for slikt.
Noko av det gildaste karane veit er å fara på treff, men eg reiser mange nok dagar i året som det er og kan ikkje fordra kummerlig innkvartering, samstundes som heile symbolikken med dongerivestar og tautrekkjing samt primitiv retorikk ikkje frister særskilt. Overstyrte lydanlegg og uartikulert rauting for å markera revir inngår vanlegvis ikkje i mine fritidsplanar heller.
Nei, nokre raudvinskveldar med allminneleg godtfolk skyr eg ikkje men heile mc-klubbgreia blir noko ramsalt for mine preferansar. Det er skilnad på folk. Lukkelegvis.

mandag, august 28, 2006

Salve ved reisens slutt

Hei godtfolk.
Eg e attende. Etter ein forrykande mopedreise der nede på kontinentet.
No har tida komen for å fyra av ei skikkelig breisie her på bloggen, nokon forrykande billete og saftige forteljingar.
Eg dro ut med naboane mine, "ørkenreven" og "kyllingelskaren" ein vakker dag midt i August. Som tidlegare nevnt er naboane Triumph-fantastar og dei glødde av kamplyst etter nedsettande "dissing" av mopedane deira her på bloggen.

Fargerikt fellesskap, før maktbalansen vippa i tysk favør..
Med ein tidvis hårreisande mangel på trafikkultur og misoppfattelse av fartsgrensar kosta gutane av garde. Triumphane bromma iltert med dei pottelause motorane sine medan BMW'en nærast fnyste av slikt toskeskap.
Manglande grunntrening melde seg i løpet av få dagar i form av ømme lemmar etter lange kjørestrekk, og samstundes som Triumphleiren kviskra om vendereis slo BMW-leiren i bordet og fastslo: FREMAD!
Den rakrygga innstillinga hjå oss med tysk maskin oppildna Triumphane til fortsatt kamp og brakte dei heilt fram til dalstroka utanfor Bratislava. "Ørkenreven" innsåg her at Tigeren hans ikkje ville klare fleire harde kampar på motorveiane og valde full kapitulasjon. Æra var fortfarande i forhaldesvis god behald da vi snakkar om maskinell svikt. BMW-eigarane undra seg likevel over slike kalamitetar i det dei oppfatta som innanfor ein god motor sin konfirmasjonsalder...

Ørkenreven klør seg i hovudet og kikar fortvila på motoren


Tigeren blei nå viderebefordra i ein innhyrd kassevogn, og "Kyllingelskaren" blei stadig observert svermande rundt det romslege lasterommet der han såg for seg at Daytonaen ville passe særskilt godt inn. Mange mil gjorde seg gjeldande i ræv, rygg og armar samstundes som lageret av strips, gaffa og ståltråd til naudreparasjon av Triumphen hadde skrumpa faretruande inn.
Nokre få mil på høgtysk autobahn ispedd forfriskande regnskurar og herleg vått vegdekke var det som skulle til for å få mørna ferdig "Kyllingelskaren", han kapitulerte utan betingelse og ba om amnesti i varevogna, trygt verna for BMW'ane sin nådelause framferd.


Triumph's slagord? "Go Your own way"...

Så der ender soga, Triumphane heim i tett formasjon bak i varerommet på ein Renault medan hjelmane deira havna på peishylla og kjøyrekleda hjå Fretex.

Og eg som tiltrudde naboane Jernræv og/eller Treskalle.. Eg tok feil!!

Fotnote: Eg har nett sotte her og kosa meg med reiseberetninga hass Ingulf fra "over there". Det er god lesing, men eg tek meg i å forundrast over tittelen, stram vaier.
Ingen ved sine fulle fem gjev vel full gass på noko så lumskt og uberegneleg som ein Harley? Men lat nå gutane drøyme at det går unna, mens dei fyller veskane med harleyeffektar og brommar gomodig av garde. Helsike, den godaste Niskavara ser forhaldesvis kokt ut på bileta mot slutten av soga, HEITE SAKER!!

søndag, august 13, 2006

Day Four

Poporkesteret rocka teltet i natt. Eg tok meg i å tenkja at øldrikking og lydmisking ikkje nødvendigvis er forenlig, da teknikaren deira begynte dritbra men ølla seg bort etter hvert.

herleg å høyra etterpå når jamaicakarane med friske øyrer overtok miskaren og fekk ting tilbake i vater. Linexen spelte egentleg fint og flott.

Det vert utkjempa harde kampar i kirka i dag, da trombonefar i "Indre Utøens Jazzpunkensemble" heva seg over fem-seks kvalifiserte teknikarar og hevda lydriggen såg for puslete ut til å kunne dekkja heile kyrkja.
lenge sidan litermål på kassane fortalde nokonting om potensialet i ein høgtalar tenkjar han vel no der han sit på fergå på veg heim.
Nå-nå, uavhengig av slike kalamitetar fyldes kyrkjo av folk som ikkje kom av nyfiknad men søkte det trauste og tryggje, slik folk gjer på denne festivalen.

Skulle ønskt at folk utfordra sansane sine ein gong i året eller to om ikkje anna, prøv noko nytt og høyr noko ansleis godtfolk, livet er vel alt for kort til at ein kan gå med repeatknappen inntrykt heile tida?

redaksjonen her på bensintankar takkar for følget under festivalen, vel heim godtfolk, vi sjåast igjen snøggast råd!!

fredag, august 11, 2006

Day three

Fandens oldemor! Eg har sprunge opp nok jernskrammel, dubedittar og dingsebomsar for ein heil festival berre i ettermiddag.
Musikarane ynskjer stadig særare saker å spele på samstundes som dei gjerne ser at nokon andre tek jobben med å skaffe godsakene.

Eg tykte det rocka bra hardt på Ricakjellaren idag. Midt i settet strena det inn ein luring med kamera og skriveblokk, sikkert lokalavisa som slengde inn ein halv konsertdekning sånn noko utpå kveldinga. Diverre for han og for Joikarane på scenen ville det vert naudsynt å få med seg heile konserten for å yta han full rettferd.

På Boksen, kinoen og Affas foregjekk harde kampar og feite konsertar, medan dei gladkristne søringane i Christiansand Tensing Ensemble misjonerte hardt nere på Opticom.

torsdag, august 10, 2006

Day Two

Haugen's rocka nede på Affas slik ein turde håpe. Kampen vert vel forklara som omtrent uavgjort.
Herleg sampla surround og mjuk sax fekk kittla i øyro på dei frammøtte medan subwoofarane rokkerte i eggstokkane på heldege kvinnelege fans som fikk sitja lengst framme. (og mest heilt inntil idolane deira!!)
Og jaggu haldt dei ikkje kjeften heile banden attåt.
Eg sit her med morgondagens lokalavis og studerar gårsdagens geniforklaringar, og eg bit meg merke i ein nærast sjelden edruelig anmelding der bladgauken verkeleg har fått med seg mykje "action" frå sjølve kampen og ikkje lirar av seg det vanlege rundtomsnakket som egentleg berre bevisar at vedkommande journalist mest heile tida stod ute og røykte.
"lett var det ikke å få riktig lyd i rett mikrofon hver gang hun skiftet mellom gitar og piano" skriv han. Heldegvis ein som skjønte at det ikkje kunne være lett for den stakkars teknikaren som av omsyn til publikum måtte plasserast lengst bak i lokalet der han hverken kunne sjå scenen eller høyre skikkeleg, det siste mykje grunna det sedvanlege konsertskravlet sjølvsagt.
At fleire blandt publikum ikkje klarde å høyra tekstane grunna pilsing og småskravl fra naboane kritiserar journalisten også hardt. Eg trur han meiner folk nå lyt skjerpa seg!!
Teknikaren på staden fekk forresten eit særs hyggeleg besøk der bak i kroken kor han stod, da sjølvaste Mike Stern dukka opp og utbraut "SOUNDS GOOD MAN!!"
Ikkje kvar dag lokale teknikarar gjer stjernejobbar gode nok for slike kvalifiserte klapp på skuldra nei..

Day One

Bakkeoffensiven er i gong. Harde kampar fleire stader. Jo, likheitstrekka mellom festivalen og konflikten i midtøsten finns.
Veit ikkje om nokon rocka hardt i dag. Fekk ikkje høyrd nokonting. Trur det berre ulmar førebels, byggjar seg opp mot nokon skikkeleg harde trefningar nede på Affas. Gissar på at han LaOHa kjem væpna til tennene. HaDe har eg vore i harde kampar med før. Gutane ladar storkanonane no..

Affas skal bevre,
veggane skjelve,
subbar som pumpar
med styrken på 11

Saxen han sug deg,
bassen han dreg,
medan Haugen personleg
han rockar i veg....

Svarten heller, eg har begynt Å GLE MEG!!

søndag, juli 30, 2006

Let the game begin..

Som mange av dykk kanskje har forstått jobbar eg i Rock'n'Roll-bransjen.
Eg besitter den lusne uriasposten bak miskarbordet, på feil sie av mikrofonen vil nokon seie.
Mange musikarar ihendehev ein ingrodd skepsis til lydteknikarane, og dei hevdar som oftest at det let godt på tross av lydteknikaren og dårleg på grunn av lydteknikaren. Samhandlinga mellom teknikaren og musikarane omtalas ofte intern som "kampen"
Også pressefolk likar å henga ut teknikarar, og spesielt ein viss Ulf i ei nordnorsk avis yndar å uttala seg om det lydtekniske. Diverre er Ulf eit Naut, som tror raude ljos på lydblandaren varslar dårleg lyd som krev justering. Han ser teknikaren sittja der liksom Homer Simpson bak konsollen i atomkraftverket og ignorera varsellampane, og tør vere kjend for sitatet "Nå lyste nesten alle varsellampene på miksebordet, og teknikeren foretok seg fortsatt ingen ting" .
Så kva kan ein seie? Og slike Molboarar gjev deg kvalifisert spalteplass i nord-Norges største avis??
Musikarane kan vere så "indisponerte" som råd er og låte som ein høveleg dårleg stappa høysekk, men dei nyt sjølvsagt immunitet mot å få dritt så lenge det fins ein teknikar som kan tas i staden.
"Lyden var ikkje bra" skriv dei. Det burde stått "Det låt ikkje bra". Men kvifor ta ballen når ein kan ta mannen?
Det paradoksale er at mine bloggarbrør her nede i fjæresteinane i varanger begge befinn seg på riktig sie av mikrofonen, og litt artig er det at minst ein av dei nærar djup skepsis til elektrisk forsterka lyd. Ikkje mindre artig er det at karen også er tidlegare journalist og har mangt eit gullkorn på samvetet kva beskrivningar av konsertlyd angår.
Og nå skal han sjølve på prøva seg mot elementane nede på Affas, trosse høgtalarar, teknikarar og fandens oldemor for å få bodskapen sin ut til folket.

men berre kom du, vi er klinkande klare!! Let the game begin!!

mandag, juni 26, 2006

Skikkeleg Harley-poesi:

Eg debuterar i dag som Harley-poet!!
Høyr berre:

Med skautet til mor min godt knytta rundt pappen,
dunkar eg rundt på ein sid, trøtt og slapp en

Mens nyrane bér seg og tennene singlar,
raggar eg rundt her blandt japsar og pinglar

Og jamvel om ungar blir skrøymd der eg dreg,
så veit eg det vel, eg er gamal og treg

Eg har tatt ut potta for meire potens,
men kun lommeboka mi har vorte lens

Eg borra opp motor'n, det blinkar i krommen,
forstå den som kan, eg e fortsatt bortkommen

Eg har tatovert meg og bola opp kroppen,
no manglar eg berre litt omsorg for snoppen

Med SS-hjelm, skinnvest og Bayer i magen,
så burde eg strengt tatt fått kvinnfolk på dagen?

Eg fattar det ei, eg har prøvd alt som går,
det neste blir Vespa og langt hippie-hår...




Og eg som fikk von om ny identitet,
med huslån hjå Elcon til Harley så FET!

fredag, juni 16, 2006

Morgongry og klagestrøym..

Eg sit her med kaffikoppen i morgongryet..
Klagane strøymer på, bensintankar vert ikkje oppdatert seiar dei!
Våren og forsomaren vert ei travel tid for oss bikarfantastar, og vi finn ikkje høve til å oppdatera så ofte som vi kanskje ønskte..
Eg har også pussa opp badet hjå mor min og vore på ferie i Tyrkia og Irland sidan sist, men no lyt eg gjera noko med klagane og få upploada nokre spenstege postingar..
Eg fekk ein rekommandert sending her om dagen, eg kjenn sjeldan glede over rekommanderte brev men sian denne sendinga vart fra Tsjekkia bobla det i kroppen jamvel om det vart rek.
Eg forstod nemleg at det vart billettane til MotoGP-løpet som hadde kome. Hildrande du kor stas det vert å reisa ned på mopedane, berre to månader igjen no...

lørdag, april 29, 2006

Vårteikn..

Det sikraste vårteiknet i gata der eg bur er at summinga fra mopedane som fér forbi året rundt får selskap ein oktav eller to lengre ned.
Japsar, italienarar, tyskarar og Harleyar brummar lystig forbi vindauget mitt her nede ved fjæresteinane.

Dette med krom og kubikk fengar mange om dagen, og mange gjer liksom Finn Kalvik, Petter Stordalen og Rimi-Hagen og skaffar seg Harley.
Og jo, dei gjer seg godt på fesjå disse amerikanske syklane, lik påfuglar briskar deg seg med høg lyd og gnistrande fagrespel og lokkar nye tilbedarar til menigheten.
Dei fleste som kjøyrar Harley har det til felles at dei ikkje skal nokon stader, og godt er det!
Farkostane er særdeles tungmanøvrerte, treige, trafikkfarlege og belemra med feil. Og etter nokre mil er føraren totalt mørbanka av manglande fjæring, dårleg sete, helsefarleg sittestilling, vibrasjonar og støy slik at trafikkfaren er høgna ytterlegare. Sa nokon frihetskjensle?
Motorane dreg dårleg og høgfartsegenskapane er fraværande. Bromsar er underdimensjonerte og svingegenskapane lik null. Ein scooter med 250 kubikk eller meir kjøyrar ringar rundt ein Harley. Følgebil er obligatorisk om du dreg på tur med ein slik sykkel, med plass til delelager, mekanikar og kiropraktor.
Eg har stor fortståelse for at eigarane tyr til å demontera lydpotta for å utstråla litt meir potens, men det vert spel for galleriet.. Mykje skrik og lite ull..Som ein placebo-viagra kjøpt på eBay, som ein feilslått penisforlengelse, som ein alkoholfri øl...

Triumphane har også begynt å brumma rundt her nede. Eg registrerar at karane har tatt ut lydpotta...

fredag, april 21, 2006

Fart og spennsle....


Til somaren vert det mopedtur.
Eg og naboane mine, dei Triumph-elskande døgeniktane legg avgårde. Vi tek jamvel med oss nokre fleire hardbakra bikarar.
Dei har utnemnd meg til reiseleiar. Eg var over middels flink i geografi på skulen, har vore i storbyen fleire gonger og eg har også lest dei fleste siane på internettet. Den dagen dei begynner å gradera online hotellbooking lyt dei senda et svart belte hit til meg i Fylkeshovudstaden.

Den einaste form for underhaldning vi tillet oss når syklane parkerast for dagen er å sjå andre karar køyra motorsykkel, så difor stannar vi ein stad i Tsjekkia som heiter Brno for å sjå på motorsyklanes svar på Formel1, MotoGP. Eg har vore i Brno fleire gangar allerede på slike MotoGP-løyp og tykkjar det vert stor stas.

Triumphane ja. . For å ferdast på ein slik farkost lyt du ha enten jernræv eller treskalle, og mesteparten av adrenalinet kjem fra irritasjon over ulydar og feil, samstundes som komfort og skydd mot vær og vind blir halde på det absolutte minimum.
Urengelsk med andre ord, men naboane er seige og held ut, så dykk skal sjå det vert ein framifrå tur.

søndag, april 16, 2006

Salmar ved festens slutt...


Eg har vore i Kautokeino i påska. Fyllefestival vil nokon seie..
Noko som blei skikkeleg haipa opp var at Heavykvænkvedarane i poporkesteret Daap hadde tenkt å dra nokre salmar i ein sein nattetime på "Buletjervi", ein av festivalscenane der oppe.
Av fullstendig uforklarlege årsakar finn lokale geistlege i Kautokeino at dette er eit problem, ein kan ikkje kaste salmar for svin på ein slik måte tykkjar dei! Toskar!
Sett at folk der vanlegvis drikk djevelens piss og høyrar på satans musikk, det er jo kvar seg ein uhøyrd styggedom.
Så kjem nokre gladkristne misjonærar fra fylkeshovudstaden og fjernar det eine elementet, ved at det kristne bodskap snikerstattar djevlemusikken. Slike tiltak burde og skulle gledja dei lokale kreftane som så langt ikkje har lukkast 100% i sin misjonærgjerning.
Neste gong er det berre å lura altervin og altersprit i glasa til folket, så er kristninga av Buletjervi fullbragt.
Rein voksendaap blei det, sjølv om mange kanskje brukte for sterkt og for mykje vievann!

tirsdag, mars 28, 2006

Klovnar i manesjen...

I går besøkte eg et større idrettsarrangement.
Artig å sjå korleis folk uniformerar seg når dei skal være funksjonærar eller komitémedlem.
Dyre, flotte klede dei har måtte kjøpe sjølv, med skikkelege fargar og logoar.
Det er på ein måte det næraste den trøtte fyren hjå elektrobutikken på hjørnet kjem rampeljoset. Kanskje blir man fanga opp av tv-kameratet i ein augneblink? kanskje naboane ser deg fra tribuneplass?
Faktisk er det nok slik at mange større arrangement både innfor kultur og idrett er tufta på hvermansen sin hug etter å få lov og vera klovner i manesjen for ei stakka stund.

søndag, mars 19, 2006

Varangerpoesi..

Eg dreg krakken bortmed glaset og kikar ut. Han har stilna av no.
I går storma det kraftig. Eg var oppe i skjulet og keik til mopeden.
Han stod der raud og gild med sylindrane karsleg peikande ut til sida, og inspirasjon til å fyra i gang litt skikkeleg høgoktanpoesi trengde seg brått på.

Her kjem mitt fyste dikt her nede frå fjæresteinane, det handlar om at det snart er vår:

Det skvalpar i bekken, det rislar i sivet
Og no skal mopeden min vekkast til livet
Snøggt drar eg sykkelen ut i frå skjulet
Eg klemmer på bremsa og kjenner på hjulet

Så slår eg på straumen og fyrer i gang
Og øyro dei frydast av tysk boxerklang
Eg rusar motoren og blodet mitt koker
Omtrent slik det kjenns med ein straitflusj i poker

Snøggt trekk eg hjelmen min ned over trynet
For nå skal eg jaggu mopeden min tyne
Eg gassar så horna dei veks ut av skallen
Om dette vart VM eg havna på pallen

Poetar seiar det gjer ondt når knoppar brister
Men eg trur det svir verre når man lappen mister
Og eg som har føyrarkort ABCDE
Eg sukkar i hjelmen...så slakkar eg ned..

fredag, mars 10, 2006

Varangerbloggar 2..

Eg har blitt godt motteke på framifrå spalteplass hjå begge mine bloggarbrør her nede i fjæresteinane, er det havlufta eller nynorsken vi samlar oss kring?

Ja! Det er sant! Også hjå Journal vankar det godord og skryt til herværande bloggar.
Har rockar forresten Affas i kveld, La O Ha. Journal-skrivaren. Med bandet sitt. Og vin og illeluktande ost attåt. Eg var i Holland i helga og har nokre ostar som verkeleg stinkar opp der heime, men smaken er framifrå. Kunne sikkert ha vore noko for deira konsept.

Eg kan ikkje anna enn å skryte tilbake att dei forresten, kongane og pionerane innan varangerbloggtradisjonen, dette fyrtårn i samstundslyrikken.

Og trur dykk ikkje eg og Varangertenkaren tok samme hurtigruta i forrige veke? Han nemnar det jamvel i sin blogg, så dette var gjeve saker.
Ein ting er det diverre ikkje semje om, nemleg frukosten om bord. "Betre frukost" seier han, dyr og på det jamne seiar eg. Statens satsar tillet at eg et frukost for 75,- kroner medan OVDS forlangar 120,- for sin glisne buffet. Kva gjer eg da?
Nei beste varangertenkar, lat ikkje bølgeskvalp kaste blår i augane på deg!

søndag, februar 26, 2006

Varangerbloggar..

Eg sit borte ved glaset og kikar utover fjorden medan natta senkar seg.
Nett no har eg sjekka bloggen hans HMS, Varangertankar.
Han kjenn seg beæra over at underteikna har tillete seg en smule parodiering, og det kjenns trivsamt at han tek det slik.
Han tillet seg å antyda at hans eigen nynorsk er betre enn min, og Ivar Aasen ville sikkert vere i hjarteleg einsemje, men slik gamalnynorsk som dei forfektar kjenns for sidrompa og udynamisk for underteikna. Litt høgre oktantal på nonorsken behøvst i ein rocka bikerblog som til dømes min.
Han er no ellers ein triveleg kar, Varangertenkaren. Lærar.
Lærarane han stundom stild til dyst nede på kvissen hjå han Affa, med laber suksess. Der nede trivst eg godt, og mitt eige lag HBQIL har teke heim pokalen ved fleire høve.
Eg var der nede seinst i går, på jobb med miskarbord og høgtalarar. Ein lengre tids fascinasjon for Danskanes hugnad til å låna frå engelsk har inspirert meg til ein ny og meire teknisk blogg, Soundman's Danish Blog som tek for seg dette morosamme temaet! Eit utruleg festleg tema om eg får seia det sjølve!!

søndag, februar 19, 2006

dieseltankar..


Eg vil fortelja deg historien om ein skikkeleg mandagsbil.
Vi kjøpte han i Februar 2004 som firmabil. Eit år gammal og med noko over 100000 km på tellaren, ein ny bil med mange kilometer bak seg til ein bra pris. Opel Vivaro 1,9 TD lång.
Kort etter kjøpet var det tid for ein dyr 120000 km service, og her blei det også avekka at styresnekka og diverse dyre delar måtte byttast.
Nokre månader etter var eg på tur til Mehamn da eg vart forbikjørt av mitt eiga bakhjul, med skive, kaliper og det heile.
Etter ein dyr verkstadstur vart det konstantert at også drivkular og endeledd måtte bytast.
Ein tur til Kautokeino i steng kulde førde til frosne oljeslangar og oljetom motor. Vi berga store utgifter fordi vi stanna medan leken var forhaldesvis god.
Sommarens Oslotur avstedkjem høgt oljeforbruk, og motorolje for turbodieslar kostar ein del. Det kjem ikkje som nokon bombe at luftladaren (turboen) må bytast.
Under verkstadsbesøket for turbobytet selvtend motoren ein kveld og øydelegg startaren. Batteriet må frakoblas under resten av verkstadsbesøket sidan bilen lever sitt eiga liv.
Det gjeng ikkje mange kilometer med ny startar og turbo før dynamoen gjev seg, og samstundes ryk viskarmotoren og pyntelistane ramlar av bilen. Elektriske feil rammar også vindusheisar og sentrallås.
Eg klarar også å få knust bakruta like før eg skal starta innover til Kautokeino og Alta på oppdrag, og eg må teipa ei papplate over holet.
Mot slutten av November 2005 befinn eg meg såleis i Alta. I det eg passerar Fagtrykk Alta avstedkjem motoren ein kostbar lyd og stannar. Eg berre beordrar bilen taua til Opelverkstaden i byen og rekvirerar ein Hiace hyrnadsbil hjå Avis.
Beskjedane frå verkstaden er som venta, registerreimsbrudd og motorras.
Dette tek to månader å fiksa, ein lukkeleg tid med Opelen ute av synsranden.
I det verkstaden har klart å få bilen reparert klarar dei å miste bilen ned frå bukken.
Ein lukkeleg dag vart det den dagen if... skrev og fortalde at bilen vart så øydelagd at han diverre nok måtte kondemnerast. Det endte godt til slutt. Eg har bilen mistenkt for å ha teke sjølvmord der inne på verkstaden, noko som vil framtvinge regress frå if.. om det kjem for ein dag. Oss får vona det ikkje skjer.
Aldri meir Opel. Aldri meir brukt varebil. No satsar oss på ein ny Peugeot Boxar og vonar beitre tider. Og bakruta eg bestilde hjå han Lippe hos Varanger Auto treng eg ikkje lenger..

mandag, februar 13, 2006

digresjonar..

Eg veit eg skulle skriva om mopedar, fart og spennsle.
Men det er noko som heiter sesong. Og nett no stend mopeden i opplag.
Difor tillet eg meg digresjonar frå Rock'n'rollbransjen i denne bloggen.

Men stoff om mopedar kan eg skrive heile året også. Det kjem eg attende til.

attende...

Eg er attende frå by:larm.
Sist det var by:larm i Tromsø bodde eg hjå onkelen min i Strandgata men denne gangen var eg blitt lettare oppgradert og bodde på Radisson.
Eg ankom sist Torsdags kveld, og som den musikkelskaren eg er fór eg rett ned på Rorbua for å sjå om eg kunne nyta ein konsert der. Sidan plassen er kjent frå TV turde eg håpe på skikkelege godbitar på scenen, men eg vart lettare skuffa da det satt ein kar fra Båtsfjord og kauka covers der medan den ikkje ukjente Dalur dro i belgen som akkompagnement. bygde:larm ville vel nokon seie. Neste dag texta sjølvsagt han Karikoski fordi sigøynerkventrioen "Superfyll" skulle innta Rorbua med sine schlagers og dei trengde å få bomma noko gratis utstyr.
Tror neppe eg spring ned dørane på Rorbua i framtida, Scotsman-faktoren er farleg høg der.

Alt dette medan bransjefolket sløsa med ølbongar i VG-teltet. Eg jobba på ein mindre scene der det var minimale sjansar for å sjå og bli sett så der traff eg berre vanlige konsertgjengarar. I tillegg var det langt (15 meter) til baren og me spela så høgt at det var vanskeleg å få prata over musikken så vi tiltrekte oss få eller ingen som ikkje hadde betalt for billettane.

by:larm har brukbart med sponsorar. Ein av dei er Pepsi Mask. Dei hadde funne ein lur måte å bli kvitt brusen sin på; alle hotellromma vart utstyrt med en dør-tag der det sto "Ja takk eg tek gjerne ein iskald Pepsi Mask til frukost"
Så fjerna du berre taggen om du ikkje ville ha.
Reklamefolket hjå Pepsi burde forresten undersøkt betre når musikarar står opp, for brusen var forlengst varm innan nokon begynte å røre på seg på "morgonen".
Dei prøvde også å bli kvitt gratis smaksprøvar med Cappuchino-Pepsi men dei endte vel opp med å hella ut mesteparten av skvipet. Pføy!!

onsdag, februar 08, 2006

Februarnatt i Vadsø

Natt og stille. Berre TV'en høyrast i stova. Eg vaskar kler og planlegg morgondagen.
Då skal eg kjøyre til den larmande byen Tromsø for å jobba på arrangementet by:larm.
Mesteparten av larmen kjem frå bransjefolket med dei store ID-korta hengande i NRK P3-sponsa snøre rundt halsen, "sjå kor viktig eg er med kort på bransjefestival" skrik dei visuelt. Trur dei.
"Eg reiser aleine med 3 i promille" liknar det meire på.
Eg surfa sidane til Varanger MC i dag, litt narsisist er det lov å vere, eg har forfatta eit lesarbrev der som eg tek meg sjølv i å venda attende til.
Eg har også terrorisert gjesteboka deira med tullemeldingar, noko dei eldre herrane tilsynelatande såg alvorleg på.

Har du vore på internett meir enn to gonger finn du det sjølv..

Neste gang eg legg inn tull hjå dei, blir det med ei hyperlenke til bloggen du no les.. Om eg våger..

tirsdag, januar 31, 2006

Min fyste moped


Eg sit her ved glaset med kaffekoppen i handa og kik utover fjorden. Han er kaldare i dag..
Frostrauken driv innover fjorden...
Brått kjem eg i håg min fyste moped. Eg og han Ronni bar ut bakkar med fisk til kjerringane på filéten og i pausane gjekk mopedpraten og diskusjonane om det hottaste motedopet i Vadsø på den tida, dansk kirsebærvin, såkalla KIRS.
Eg hadde blinka meg ut ein Honda MB-5. Eg realiserte han den somaren.
Han ga meg mange gleder men var fæsleg treig også, og det var sårt å se han Kurt dra i frå på Panteren, den gamle skraphaugen.
Eg solde han til ein kar i Polmak og har ikkje sett han siden. No har eg berre att ein modell av han som eg har bygd sjøl, sjå billete.

Seinare vart det større og kraftigare saker. Berre benevnelsen blei att. Moped. Men nå i anførselsteikn. "moped".

mandag, januar 30, 2006

Varanger MC

Eg er hangaround til varanger MC.
Studerar på om eg skal freista å få fullt medlemsskap.

Det fins mange greinar eller stilartar innan Varanger MC:

Han Ingulf freistar å laga eit slags Ratbike-konsept med Gullvingen sin medan han Hugo satsar på 80-talls japansk harrycustom.
Plastresarar frå 80-tallet er i det heile særs populært, og særleg Bad-taste høgdaren Suzuki GSX-F har mange svorne fans. Også Honda CBR-F har tilhengarar i det breie lag av klubben, fra puddelrockarar til hårlause.
Og så er det dei mere moderne karane. Oppkomlingar og innvandrarar som kjøyrer R1, SV1000, VFR800F til dømes.

Julebordet hjå Varanger MC brukar å enda i einsemd om at alt var betre før.

Eg har nokre naboar som er uffseleg glade i Triumphsyklar også. Ein viderekomen og ein aspirant.

Mine fyste bensintankar

Hei,
Eg er på plass. Med bensintankar frå Varanger. Varangerbloggar skal skrivast på nynorsk. Dét har eg sett. Lykkelegvis for meg fekk eg læra nynorsk på skulen.

Eg har tenkt at eg skal skriva om mopeden min. Derfor er bensintankar et godt navn. Det kling gjevt og traust. Eg skal skrive om anna også. Upploada nokre billete om høvet byr seg.

Sola viste seg i dag. Mer om det på dei andre bloggane her frå fjæresteinane i varanger.

Eg har raud moped. Fæsleg trimma. Med vesker bakpå. Om sommaren når høvet byr seg kjøyrer eg tur. Når eg har tid. Sommaren er travel for meg fordi eg leiger ut høgtalarar og miskebord. Svære store miskebord. Eg trivst bak miskaren. Og bak styret på mopeden.