søndag, desember 17, 2006

Råd(vill)mannen...

Byen vår har ein rådmann som må hata lokalaviser og lokalradio intenst. Kvar gang han slår opp eller skrur på får han servert lugubre historiar om seg sjølv. Han har vore etterforska, tiltald og dømd på ein slik måte at berre mor hans og borgarmeistaren trur han er oskuldeg.

Hans siste "stunt" er kanskje det beste hittil: Rådmannen har ein krins av "leikekameratar" her i byen, dei tjenar fett på jobbar dei får for kommunen og stryk rådmannen med håra både offentleg og privat. Dei har ein fin leikegrind heilt nede ved sjøkanten på ein plass kalla "Fiskebolleboksfabrikken" som stort sett har vorte bygd med offentlege kulturmiddel.
Her fann kameratane ut at rådmannen óg kunne få væra med å leike og bestemde seg for å stengja kulturhuset "Boksen" slik at rådmannen og alle hans tjenarar skulle få fine kontorlokaler saman med venene sine.
Fin-fint! sa rådmannen til kameratane, eg betalar ombyggnad og husleige på ein 3-400 hundre tusen, så har dykk plenty pluss pengar til julegåver åt meg attåt!!

Men dei som jobbar med kultur nede på Fiskebolleboksfabrikken blei sjølvsagt forbanna og klagde til politikarane, og lokalavisa skreiv om det også. Stengja den einaste brukbare scena i byen for å byggja rådmannskontor? Er dykk forrykte alle??

Utleigaren meinte i sin einfoldighet at rådmannsgruppa ville styrkja det kulturelle og kunskapsintensive miljøet om dei flytta inn der nede, Men korleis det skal gå til sidan alle kulturbedriftane flyttar ut om rådmannen flyttar inn??

Ja sei det, det veit berre utleigaren og råd(vill)mannen!!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Lydonen! Endeleg ein til som gjenomskuar den korrupte politikk som førast her i den fina pyen me bor i. Den eine etter den andre prøvar heile tida å rævtryttja oss ærlege skattebetalara, som har hatt gledja av det blomstrande kulturliv som"Fiskebaillboksen" har drege med seg hit. Det er ingan begrensning på den dårskap me lett oss utsetja for. Stå på Lydonen!!!Eg føljar deg i tykt og tynt.

kånrad sa...

Eg skjit no i korkje Rådlausmannen, og dei som hos han stende i tjukt og tunnt, tèr seg. Og ka dei måtte tene av skamlause mengdar med pengar på å tè seg slik... Emne eg har varte merksam på, og lyt intressera meg førr har med mopedane å gjere. Eg undrar kvar eg kan gjere ei innmelding i den synleg noko stutt bemanna foreninga du nemde tidlegare: "Ytrebyfjæras BMW-eigarlaug" Eg har vorte gjort merksam på at noko slik finnst, da eg går med planar om å gjere yttrebyværing av meg. Eg har fått ei tilsetting der det jamvel blir framhalde som eit føretrinn å busette seg på slik ein tilsynelatande lite avhelden bustadskrins. Eg e tilsett av eit ikke namngjeve offentleg kontor som styrar med folk so ikkje gjer det t noke her i livet. Mykje av dei folka ska, det eg e gjort merksam på, bu nett i dei krinslar der oppe i fylkeshuvudstaden. Eg e noko stutt vokst og framtung under bringa, men jamvel lyt eg tykkja å lika dei tyske bermerve motorsyklane like så gildt som deg. Sei berre til kvar eg ska melda meg inn når eg kjem tel sumaren, du kan jamvel ikkje unlata å sjå meg på ein brun-svart moped med noko sjeive hjul, kjem eg farande te sumaren, når eg har verte tilsett. Om du e gild så settar du ut ein kasse eller noko anna så eg kan stogga atme, da eg pga. stuttvokstheita ikkje rekke ned med føtn, og såleis pleiar å kvelve. Helsingar frå Kånrad

Lydonen sa...

Jau Kånrad,
Ytrebyfjæras BMW-eigarlaug finns fortfarande, ein av Kvænbyens stoltaste og mest vidgjetne foreningar.
Her gjer du ingen innmelding, du bosett deg i ytrebyen og eig sjølvsagt ein BMW.
Så er det opp til eldste rådet i foreninga om du inviterast inn...