fredag, desember 08, 2006

Teknologisk Harley-revolusjon!!

Jau,
Dykk har høyrd det, de med: "Harley er berre skit, gamal møkk" sei dei!

Vel, godtfolk, kanhende eg kan love ein endring, for nett no har Harley vonne ein høgthengande teknologipris -høyr berre:

"Harley engines are considered the most efficient way to convert gasoline into noise without the side-effect of horsepower"

Dette er jo fantastiske nyheiter for Harley-folket, berre og gratulera. Bråk og skramling er jo livet sjølve for Harleykarane, og kraft i motoren vert ansedd som uheldeg og farleg i dei krinsane.

Tenk dykk: Dunke godmodig og høglytt avgarde med MAX lyd i potta heilt utan risiko for at hestekreftane tek laus og bring deg ut på viddane, det klarar ingen betre enn ein Harley-Davidson.

Ikkje rart kjøparane stend i lange køar!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg ser ka du skriv, du har inget liv, eg køyrer Sykkel med stil.

Eg tør skru, det gjer ikkje du, må ha det trygt, alt anna du frykt.

BMW er tingen for frøknar frå byen, gutta med ballar ska ha lyd så det knallar.

Nei drikk raudvina di med god samvittigheit, la oss gutta drive med vittigheit.

Å tukla med maskineriet og olja det inn,
det varmer ein mann - og mang ein kvinne sitt sinn.

Å køyre safe, det ligger for nokon, kos deg med det, vi andre held koken.

Jo meir lyd, di bedre- vi likar det så,
det gjeld ikkje berre sykkelen, men jentane å..
Begge delar bør være litt rå...

"Folk er ikkje like" du seiar så fint- takk gud for det,
eg hadde blitt pint.

Tilslutt vil eg seie: stå på!!
Til BMWkøyrar å være,
humor har du og.

Din ironi er kvass,din sykkel er dass, men held opp hovudet og gje gass.

Vi av deg ler, men ikkje slik at du ser-
det e plass på vegen, og til BMWer.

Lyd er visst greia for deg,
men ikkje når det gjeld sykkel, da e du jamt treg.

En lydløs BMW utan sjel,
det e nok maskin til ein del.
"Å lukkelegvis, eg ble ikkje svart,
fingrane e reine..
og dei er jo litt sart.
Best å komma seg inn,
eg blei kald på mitt kinn..
kan jo og hende rødvina svinn..... "