mandag, november 13, 2006

Kabelmysteriar...

Les du Hi-Fi pressa slik eg også gjer?
Eg var abonnent hjå Lyd og Bilde i et par år. Egentleg berre fordi dei selde pakkeløysningar med billege dvd'ar med bladet lurd inn.
Noko av det festlegaste man kan lese i slike blad er kabeltestar. Eit lyttepanel av ihuga hifi-nerdar evaluerar ivreg diverse kablar, medan dei lyrisk beskriv dei flotte og musikalske egenskapane til kablane. "perspektivet i musikken trer frem" med ein kabel medan "fiolinisten stryker varsommere over strengene" med ein annan. Også intonasjon kan forbetras med visse kablar les eg. For ikkje å nemne kva fordelar ein oppnår om ein kjøper isolatorar spesialbygd for å lyfte kablane opp fra golvet, da opnar ein ny verden seg fortel dei. Alt dette gjeld sjølvsagt berre om kablane har vorte skikkeleg innspeld.
Så kva tror du? Ein elektrisk ledar av metall hvis oppgave er å lede strøm, kor musikalsk kan han vere? Sit det musikalske geniar på kabelfabrikkane og blander metall-legeringar til perspektivet ramlar på plass og gitaranslaget let flott nok??
Det gjer nok diverre ikkje det. 80% av staben jobbar med design og marknadsføring på ein slik fabrikk.
Det fins diverre ikkje så mange måtar ein kan lede strøm på, og variablane er metallet sine eigenskapar som elektrisk leder. Nokon hemmelege formlar for å putte meire luft og nærleik inn i musikken, ja nærast anta ein produsentrolle på ein allereie ferdigprodusert og mastra skive og gjere store forbetringar på det musikalske uttrykket til orkesteret fins diverre ikkje.
Kan eit par meter kabel mellom høgtalar og forsterkar justera bort musikalske feil, turbolade orkesteret og beint frem utretta mirakel?? Det fins ikkje grensar for kva hifi-folket trur på, her har eg saksa eit par gullkorn:

"Metallerne i kablerne er simpelt hen tappet for elektroner - der er kun atomkernerne tilbage når man køber et kabel. Det er derfor nødvendigt at tilspille kablerne i længere tid for at undgå ioniserede atomer" (om viktigheten av innspeling av kablane)

"The damn things do lower noise, increase dynamics, remove haze and open up the top octaves"
(om cable elevators, kor produsenten lovar "tremendous improvements in tonal accuracy")

"Kablene utmerker seg med sin nøytrale og åpne spillestil. Rommet som trekkes opp, er formidabelt, og det er mye luft rundt enkeltmusikerne. Stereoperspektivet er bredt, om ikke så ekstremt som med xxxx xxxxx. Mellomtonen har derimot mer kjøtt på benet når xxxxxxx står for signaloverføringene, og spesielt vokaler fremstår fyldigere. Kobberkablene fra xxx-xxxxx er generelt sterke i disiplinen organisk gjengivelse av stemmer uten at de lar seg friste til å overfokusere eller legge på litt ekstra slik en del kabler har en tendens til. Bassens gjengivelse er gjennom-gående stram og hurtig. Ikke like superrask som for eksempel kabler fra xxxxxxx, men med en desto mer troverdig klangbalanse."

3 kommentarer:

Filokalia sa...

Det er kanskje de samme folka som skriv shampooreklamen.. "Kliniske tester på vårt laboratorium i Sveits viser...."-

Lars sa...

Du verda. Her har meldaren eit anlegg som produserer støy, dårleg dynamikk, skodde og trong diskant, og så byttar han ut... kablane? No forstår eg kvifor folk monterer lettmetallfelgar og hekkspoiler på sundkøyrde japanske bilar frå midten av 1980-talet...
Eg trur forresten datamaskina mi treng ny musematte. Det går så treigt med den gamle.

Lydonen sa...

Folk kjøper Imsdal på 5-liters plastkagger til 6 kroner literen også, sjølv om vatnet vi har i krana heime smaker betre og ikkje har vorte dekantert over i plastemballasje og lagra nokre månader i romtemperatur før det skal drikkast. Men dei sel pallevis med Imsdal okke som. Eg mistenker mange av Imsdal-drikkarane for å ha særs gode kablar også.

PS! Eg tør anbefale DEll XPS musematte i stålbeslått karbonimitasjon, den matta ser fæsleg kvikk ut!!