onsdag, oktober 25, 2006

Haustteikn..

Svarte Marte..Haustteikn skriv eg.. Vinterteikn hadde vore meir rikteg!
Mopeden snør beinast ned i hagen. Eg sver på bestemor mi si grav at eg hadde tenkt å setta han inn samme dagen som sneen kom. Men så snedde det, og mopeden kostar mange pengar og har berre somardekk. Kjørar eg no på glatta er vegen kort til ein "Martin Mortensen" og slikt skal eg ikkje ha på meg!! Så no lyt den fyste sneen forsvinne så eg får kjørd han opp i skjulet og parkert han. Sørgeleg også!!
Eg gler meg til å få mopedfaenskapen bort i fra hagen, eg og han Baso har snakka om å lakke nebbet og tankdekselet i vinter, og eg klør etter å få demontera delane.Det skal forsyne meg bli gilde KTM-orange fargar no, eg gissar på umiddelbar og betingelseslaus eksklusjon fra "Ytrebyfjæras BMW-eigarlaug". Enda eg er formann og einaste medlem. Så beinhardt straffar ein slike Quislingar som meg... KTM-orange BMW? HØH!!

Svarten heller, eg har jamvel begynt å sjekka rundt på eBay etter ny lydpotte, den dagen skal forsyne meg dei fattige ha dei saliges takk, om eg dukkar opp i vårlysninga 2007 med effektpotte og nylakkerte detaljar??

Eg veit ikkje kva det er, men noko må gjerast, mopeden må revitaliserast og eg lyt ta rev i seila snøggast råd, eg sver ved den heilage A. O. Vinje, ved språkreformen og alt som er: Det ligg Buell-katalogar her heime på kaffibordet. BUELL-KATALOGAR!!


Fotnote: Buell er fandens oldemor og djevelens stedfortredar.Eigd av harley og født av jomfru Maria. korsfesta, daud og begrava. Eg skal vel ikkje ha nokon Buell?? BMW rular!!!

3 kommentarer:

Samstundes sa...

Ikkje svarte på Marthe, den er jo min. Du lyt finne din eigen svarte.. Kan hende barte, men den er vel lite slåande, nærast imploderande. Elles veit eg at fleire nyttar Strutle, men det minnar meg meir om ei julekake enn eit ukvemsord. Nei, ikkje enkel den der..

Lydonen sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Lydonen sa...

Edit: Eg lyt be om orsaking og svitsja til "heite Hildur","Raude Ragnar" eller noko...