søndag, september 17, 2006

All You Zombies..

Stadig får eg meilar fra godtfolk og blir stanna ute på byen av kvilelause sjelar som har trøsta seg med "Bensintankar" ein mørk natt.
Dykk sjokkar rundt her inne lik zombiar og sug til dykkar lyriske augneblunk og skeive blikk rundt livet på bygda. Veltar dykk i sladder og anekdotar om hvermansen.
Men dykk sett ikkje spor, meldar ikkje attende, kommenterar ikkje kva inntrykk de har sugd inn og fortært her inne!!
Ratingen er på bunnen godtfolk! Steingolvet på botn av internettet har treft oss! Mest lik den flygande Hollendar siglar vi rundt her inne, livlause!!

Meld attende! Vis livstegn! Engasjer dykk! Snyltarar!!

3 kommentarer:

Samstundes sa...

Eg skulle gjerne eposta deg istaden for å skrive noko som alle og einkvar kan lese, men sidan ingen har gjeve deg ein kommentar er vel ikkje alle og einkvar inn og les andre sine. Då eg leste bloggen din fyrste gong tenkte eg; men kva er dette då, skal han kopiera Tankar frå Varanger, skal han ikkje ha sin eigen stil. Smilet stilna (!) brått då eg las diktet du skreiv, med kaffikoffen; eg vart gripen..jau, det er tilfelle. Det var godt skreven og med ein ny mys på bloggen din såg eg at du hadde jo nett funnen din eigen stil. No har eg fulgt deg gjennom vår, gjennom sumar og ferden med vener, og eg må seie at du er ei inspirasjonskjelde. Eg skriv nynorske brev på jobb, og eg trur du kan ta mykkje av era for at eg i går var på "nynorskøl for juristar og anna interesserte", eg gjekk som anna interessert. Så, det vil eg berre seie (og eg sei det på slik ein svulstig og amerikansk måte som gjer at du får tjukk hals og grøtate stemme); du er ei inspirasjon i kvardagen, du gjer livet som nynordnorsk lettare å leva, du gjer at andre finn sin eigen stil! Og no byrjar nok eg òg å blogge skal du sjå! Med vennleg helsing frå staden stor

Lydonen sa...

Slik kan det seiast! Framifrå, Samstundes!
Fremad for Nynordnorsken!

Anonym sa...

nååå9 ... baska berse kommentaras.