tirsdag, november 28, 2006

T5PC...

Eg les ein sak hos NA24 i ettermiddag.
Det handlar om T5PC, the five percent comedians. Mange småspararar og bygdetullingar likte konseptet deira, som gjekk ut på at man kunne bestille sitt eige luftslott eller få sydd seg eit sett av Keisarens nye klær på internetet.

Eg har opptil fleire kjenningar som hadde klokkartru på World Games, eit anna spel mange Finnmarkingar kosa seg med for nokre år sidan. Konseptet gjekk ut på at man betalde inn ekte pengar og fekk monopolpengar attende, noko svært mange tydelegvis tykte var ein god idé.
Dei samme folka finns i dag å treffe på ein Narvesenkiosk nær deg, der dei heng over ein speleautomat med tomt blikk.

Eg følde aldri heilt at dette angjekk meg, før eg fekk sjå saka i NA24 her i stad. Det vis seg at godtruande motorsykkelungdom har late seg kasta blår i augane på og betald inn sparepengane til T5PC. Pengar dei hadde ærleg tjend og spinka og spart forsvann, saman med drøymen om maling til klubbhuset, sikkerheitskurs eller kanskje ein skikkeleg klubbfest med boller og brus. Eller kva med nokon Harley-effektar under treet til jul?

Slike smaklause svindelpyramidar har ein tendens til å ramme dei svakaste i samfunnet. Denne gongen var det austlandets blåaugde Harleymiljø som fekk treffe dei samvitslause blodsugarane!

Eg vonar han Ingulf har pengane sine trygt i banken....

2 kommentarer:

Lars sa...

Sånn i etterpåklokskapens klåre lys burde det vel heitt B5PC.
Skal tru om det er eksoslekkasje som ligg bak denne noko underutvikla reknedugleiken hjå mange Harley-syklistar. Eg meiner: Der finst mange måtar å vaska skitne pengar på, men å skylja dei ned i dass er neppe den beste...

Kvæn-Harley sa...

nja...nå jo. Jei hatte ikke den luringen blitt overtalt fra nej, så jej pruke pænganj køre kaksi-renkat med mukke mukke graffti lud! Å nu jej er glar næstesommer såm pyjnne abril slutte Mikkelsmæss kåmer.
Måtte du å dine familje ha fine vinter å klædeli jyyl, ajle sammen.
Ingulf :-)