mandag, oktober 29, 2007

JOURNAL

Krigsrop til stønad for "journal":

Eg kan ikkje tru det, slik riv det i sjela
jau, mest som ho Ingrid som ramla med fela

Så svis eg av otte, eg brennes av kvaler
Og les at "Journal" no ei har meir på lager

Dei rusta ho opp, gav ho fullrigga seil
så let dei ho strande, eg spør kva gjekk feil

No let dei ho søkke, mot botnen av nettet
Nei høyr på meg Haugen, no tek du til vettet

Vist blei du farga, av is, snø og ild
Men mann, vis oss kjensle, berre litt er du snill

Vi lovar deg betring, vi sender deg twist
For kjære, du let ikkje meg flira sist?

3 kommentarer:

Unknown sa...

enig...kansje et fakkeltog vil få mannen til å endre mening...

Runar

Lars sa...

Journalen er daud, men leve journalen!
I alle fall éin lesar vart vill og galen

då ytrebybloggen fekk hjartestans
og ramla i hop utan samling og sans.

Men ingen skal seia skribenten er vrang.
Han høyrer på lesarens klagesang.

Han har utført sin voodoo, sin juju-kunst,
og der, i ein sky av rotenskaps-dunst:

Opp av telesprengd jord, ut av grava spring
ein zombie, ein skræmeleg, udaud ting!

Kva er det som kryp fram i tåkedal?
Jo, det er ein flettande ny post-journal.

Lydonen sa...

Og no lyt eg senda Twist?
Jau, vi får sjå til jul..

Vi takkar i alle høve, vi treng deg!