mandag, juni 26, 2006

Skikkeleg Harley-poesi:

Eg debuterar i dag som Harley-poet!!
Høyr berre:

Med skautet til mor min godt knytta rundt pappen,
dunkar eg rundt på ein sid, trøtt og slapp en

Mens nyrane bér seg og tennene singlar,
raggar eg rundt her blandt japsar og pinglar

Og jamvel om ungar blir skrøymd der eg dreg,
så veit eg det vel, eg er gamal og treg

Eg har tatt ut potta for meire potens,
men kun lommeboka mi har vorte lens

Eg borra opp motor'n, det blinkar i krommen,
forstå den som kan, eg e fortsatt bortkommen

Eg har tatovert meg og bola opp kroppen,
no manglar eg berre litt omsorg for snoppen

Med SS-hjelm, skinnvest og Bayer i magen,
så burde eg strengt tatt fått kvinnfolk på dagen?

Eg fattar det ei, eg har prøvd alt som går,
det neste blir Vespa og langt hippie-hår...




Og eg som fikk von om ny identitet,
med huslån hjå Elcon til Harley så FET!

1 kommentar:

Lars sa...

Herlege vers frå ein Harley-poet
som veit korleis Triumph og Yamaha lét
med potte og utan, som kjenner sitt felt
og rimar det saman - kort sagt: Vår helt!