lørdag, april 29, 2006

Vårteikn..

Det sikraste vårteiknet i gata der eg bur er at summinga fra mopedane som fér forbi året rundt får selskap ein oktav eller to lengre ned.
Japsar, italienarar, tyskarar og Harleyar brummar lystig forbi vindauget mitt her nede ved fjæresteinane.

Dette med krom og kubikk fengar mange om dagen, og mange gjer liksom Finn Kalvik, Petter Stordalen og Rimi-Hagen og skaffar seg Harley.
Og jo, dei gjer seg godt på fesjå disse amerikanske syklane, lik påfuglar briskar deg seg med høg lyd og gnistrande fagrespel og lokkar nye tilbedarar til menigheten.
Dei fleste som kjøyrar Harley har det til felles at dei ikkje skal nokon stader, og godt er det!
Farkostane er særdeles tungmanøvrerte, treige, trafikkfarlege og belemra med feil. Og etter nokre mil er føraren totalt mørbanka av manglande fjæring, dårleg sete, helsefarleg sittestilling, vibrasjonar og støy slik at trafikkfaren er høgna ytterlegare. Sa nokon frihetskjensle?
Motorane dreg dårleg og høgfartsegenskapane er fraværande. Bromsar er underdimensjonerte og svingegenskapane lik null. Ein scooter med 250 kubikk eller meir kjøyrar ringar rundt ein Harley. Følgebil er obligatorisk om du dreg på tur med ein slik sykkel, med plass til delelager, mekanikar og kiropraktor.
Eg har stor fortståelse for at eigarane tyr til å demontera lydpotta for å utstråla litt meir potens, men det vert spel for galleriet.. Mykje skrik og lite ull..Som ein placebo-viagra kjøpt på eBay, som ein feilslått penisforlengelse, som ein alkoholfri øl...

Triumphane har også begynt å brumma rundt her nede. Eg registrerar at karane har tatt ut lydpotta...

4 kommentarer:

Filokalia sa...

Eg må no bere sei at alle desse motorkjøretøyan som fer forbi e jo til skrekkelig sjenanse for hundan min då. Og han lyt jo bjeffa etter alla slika kjøyretøy!

Lars sa...

Sakte, men ubønnhørleg går det opp for meg kvifor klipperytmen i "Easy Rider" er så oppgira. Det var vel rett og slett ikkje mogleg å få harleyane til å gå lenger...

Lydonen sa...

hehe, og "easy Rider" laga dei lenge før dei fekk EVO-motoren som er kjend for langt betre driftssikkerhet..

Anonym sa...

I svart hælv... E d mæ du mene? D må d jo være, iom. at æ e d sikkreste vårtegnet østaførr Tanaælva..

Å ka du mene me d hær:
Sitat:"Dei fleste som kjøyrar Harley har det til felles at dei ikkje skal nokon stader, og godt er det!
Farkostane er særdeles tungmanøvrerte, treige, trafikkfarlege og belemra med feil. Og etter nokre mil er føraren totalt mørbanka av manglande fjæring, dårleg sete, helsefarleg sittestilling, vibrasjonar og støy slik at trafikkfaren er høgna ytterlegare."

Kor du vet sånnt i fra?
Stiller mæ undrende t sånnt vrøvvel og nåkksagteri!!

Bjørn