fredag, mars 10, 2006

Varangerbloggar 2..

Eg har blitt godt motteke på framifrå spalteplass hjå begge mine bloggarbrør her nede i fjæresteinane, er det havlufta eller nynorsken vi samlar oss kring?

Ja! Det er sant! Også hjå Journal vankar det godord og skryt til herværande bloggar.
Har rockar forresten Affas i kveld, La O Ha. Journal-skrivaren. Med bandet sitt. Og vin og illeluktande ost attåt. Eg var i Holland i helga og har nokre ostar som verkeleg stinkar opp der heime, men smaken er framifrå. Kunne sikkert ha vore noko for deira konsept.

Eg kan ikkje anna enn å skryte tilbake att dei forresten, kongane og pionerane innan varangerbloggtradisjonen, dette fyrtårn i samstundslyrikken.

Og trur dykk ikkje eg og Varangertenkaren tok samme hurtigruta i forrige veke? Han nemnar det jamvel i sin blogg, så dette var gjeve saker.
Ein ting er det diverre ikkje semje om, nemleg frukosten om bord. "Betre frukost" seier han, dyr og på det jamne seiar eg. Statens satsar tillet at eg et frukost for 75,- kroner medan OVDS forlangar 120,- for sin glisne buffet. Kva gjer eg da?
Nei beste varangertenkar, lat ikkje bølgeskvalp kaste blår i augane på deg!

3 kommentarer:

Halvard Mikal Sæbø sa...

Ja, ok. Det er kanskje mest stemninga og ikkje så mykje maten...
"Einsemd" betyr "ensomhet", ikkje "enighet", eller å vera samd.

Lars sa...

...og for å fullføra: Det me har når me er samde, er semje.

Lydonen sa...

Betre?