onsdag, februar 06, 2008

Kor e alle heltar hen?

Når eg sit og ser på min eigen blogg (narsisimen rir meg stundom) kan eg ikkje hjelpe for den litt triste kjensla eg utsett meg sjøl for når eg prøvar å trykkja på ein av dei særskild utvalde lenkane eg har funne plass til her til høgre.
"Journal" er nedlagd og no er innhaldet fjerna medan "samstundes" tydlegvis har gått i seg sjøl og "nuka" sin eigen blogg.
Berre Varangertenkaren finns att, men kjenn eg den karen rett klamrar han seg fast i internetets fjæresteinar og nektar å late seg drive bort og ut fra netets lune samkvem. Varangertenkarens lett naive og beint fram hyggelege betraktingar sjarmerar mange, sjølv om det stundom vert noko unyansert. Her nett no kunne eg til dømes lesa om den nye innvandrarbutikken til Ebenezer i fylkeshovudstaden:
På tide kan me seia. At slike forretningar kjem hos eit folk som trudde at salt og pepar var det einaste krydder som fantes.
Jau, sjølv har eg nytta kvitlauk, chili og krydder frå heile verda i alle år. Dei som trur vi har berre salt og pepar er vel berre dei mest inngrodde av dei framanfiendtlege. Men, han trivst med å skriva slik. Han er mest av alt ein inter-nasjonalromantikar, varangertenkaren.

Men, attende til linkane mine.. Pinleg at eg satsa på så skrale hestar, eg ser det no. Men linkane skal få stå som eit symbol på det som ein gong fannst, at folk er omskiftelege og vinglar mellom det eine og det andre vedkjem ikkje meg. Eg har fanga ein tid, reflektert ein stemning, noko som no er historie.

3 kommentarer:

Lars sa...

Innhaldet på Journal er slett ikkje fjerna, berre arkivert. Berre så det er sagt. Og nytt innhald vert å finna på post-journal.

Ho Marsjte sa...

Eg tykte eg blei for privat. Det vart liksom berre verre og verre og til sist måtte eg sensurera meg sjølv. Eg har nyss komen ut av Feisbukk-helvette, med eit nødskrik. Det er nok ikkje noko for meg det her, berre Real Life gjelder.
Men dykk andre lyt fortsette - eg er ein snok og nyskjerrig som F.
Det skal eg ha!

- men eg var no eigentleg aldri ein helt. Igrunnen meir halt enn helt. Men ikkje nok til å hengje meg ut som ein landsdelens svikar og svakeleg menneskje i sjela med litan dømekraft og berre elendigheit -
så det var jo ei guds lykkje at du ikkje gjorde!

Lydonen sa...

Her hengjast ingen, eg er sjølvsagt klar over at penna mi er skarp, men eg skriv for meg sjølv og for dei som har ironiens nådegåve.
Eg takkar marsjte for gode bidrag, og vonar ho fortsett snokinga. Eg ser skilnaden mellom deg og meg ganske lett marsjte, fordi det ikkje er eg som skriv. "Lydonen" finnst ikkje, eg er meg og eg utleverar ikkje meg sjølv nokon stader. Eg skyvar "Lydonen" foran meg og let han ta støyten. Godt å ha ein slik kar. Eg hatt tatt av på Feisbukk også, men noko helvete blir det aldreg, berre tiltaksløys tidtrøyte og uskuldeg moro.
Eg er bra skrudd saman slik, I'm just here for the fireworx!!
Korom alt er, søk meg opp på Feisbukk om du fortfarande heng med!!